Unge vinn på ny skattereform

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det meiner samfunnsøkonom i Civita, Villeman Vinje. Torsdag la han fram eit heilt nytt forslag til skattereform. Den går ut på å redusere skatten på arbeid, bedrifter og kapital, det skal tenast inn på rentefrådraget på bustadlån.

Bustadmarknaden
– Noko av det mest alvorlege med dagens system, er at det er heilt umogeleg å koma seg inn på bustadmarknaden. Ungdom vert heilt avhengige av hjelp frå foreldra sine, forklarer Vinje.

Han meiner skattesystemet fungerar som ei subsidiering, og er med på å skape dei høge bustadprisane.

LES OGSÅ: Fleirtal vil ha høgare skattar

– Når det vert så gunstig å plassere pengar i eigedom, investerar gjerne folk i eigedom nummer to og tre, dei leier ut og kjøper leilegheit til ungane sine. Dette er med på å presse prisane oppover, seier Vinje.

Sjølv om han trur bustadprisane kan halde fram å stige også med eit nytt system, meiner han prisstigninga vil koma saktare.

Meir av det du skaper
– I dette forslaget legg vi opp til å kutte skatt på arbeid noko. Slik får folk behalde meir av dei verdiane dei skaper. Arbeid må stimulerast, forklarer Vinje. Dette vil også vera positivt for ungdom som arbeider saman med studia.

Civita sitt framlegg har ikkje fått støtte frå etablerte parti, men Villeman Vinje er optimistisk.

– Politikarane tykkjer det verkar skummelt å fjerne rentefrådraget. Men eg trur folk vil forstå at dette er smart, og at det er eit system som alle vil tene på. Så eg trur vi kan klare å få til ein reform i løpet av 10 år, seier han.

Ungdomsperspektiv
I dag stig bustadprisane raskare enn ungdom klarer å spare, og dei vert gåande på leigemarknaden. Vinje meiner ei endring vil vera positivt både for bustadmarknaden, og leigemarknaden.

– Då eg var student, budde eg på Sogn studentby og betalte 1200 kroner i husleige. Så arbeida eg som bartender i tillegg, og der kunne eg tene ei heil månadsleige på ein god kveld. Slik er det ikkje for dagens studentar, seier Vinje.

LES OGSÅ: Oppmodar til opprør mot bustadpolitikk

Han meiner forslaget til skattesystem vil gjere det lettare for dei i framtida på fleire vis.

– Når det vert mindre lønnsamt å investere i eigedom, vert det meir lønnsamt å investere i andre verdiar. Dette gjer at dagens ungdommar får fleire og mei spanande arbeidsplassar når dei skal ut i arbeidslivet, så det er ei vinn-vinn-vinn løysing, avsluttar Villeman Vinje.

Er det på tide å skattleggja eigedom og bustad i Noreg meir? Bli med i debatten!

Faktaboks

Civita er ei liberal tankesmie leia av tidlegare Høgre-statsråd Kristin Clemet. Gå til nettsida civita.no!

Les heile rapporten her!