– Høgre er ein språkpolitisk dinosaur

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Høgre er ein dinosaur

Nynorskopposisjonen i Høgre har blitt større, men tapte likevel då partiet laurdag gjekk inn for å svekkje sidemålet og mållova. 

– Kort sagt vedtok Høgre at bokmålsbrukarar ikkje treng å lære nynorsk, og at statlege byråkratar ikkje treng å yte sørvis på nynorsk. Dette er gamaldagse og mindretalsfiendtlege idear, som vil gjere det vanskelegare å bruke nynorsk, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

– Den norske tospråklegheita gir oss ein glimrande sjanse til å la ungane lære meir språk tidlegare. For å gripe den sjansen må vi ha ei ny og betre løysing: tidlegare start med sidemål. Det er nedslåande at Høgre i staden tviheld på dårlege og utdaterte idear i sidemålssaka, seier Sture.

LES SAKA: Droppar mållova og karakterar i sidemål

– Dinosaur-politikk
Målungdomsleiaren er også kritisk til at staten ikkje lenger skal tene skattebetalarane på det skriftspråket den enkelte borgaren føretrekkjer.

– I eit moderne demokrati er det staten og byråkratane som er til for borgarane, ikkje omvendt. No vil altså Høgre la byråkratane diktere statens språkbruk overfor borgarane. Det er å skru klokka langt tilbake i tid. Høgre gjer seg med dette til språkpolitiske dinosaurar, seier Sture.

QUIZ: Kva veit du om Høgre?

Meir motstand, verre vedtak
I 2011 røysta 87 Høgre-delegatar mot å gjere sidemål valfritt i ungdomsskulen. I år var det 112 som røysta mot å kutte sidemålskarakterar, men det var ikkje nok til å vippe saka i motsett retning.

– Vi er glade for at stadig fleire Høgre-folk ser verdien av språkmangfald og fleirspråklegheit, og sidemålsretorikken i Høgre har mildna mykje dei siste åra. Men den språkpolitiske linja som Høgre-fleirtalet vedtek, har blitt stadig likare Tyrannosaurus Rex – hissig og forhistorisk, avsluttar Sture.

– Handlingsrom
Valfritt sidemål er denne gongen ikkje nemnd i partiprogrammet. Sogn og Fjordane Høgre hadde i utgangspunktet eit framlegg om å starta tidlegare med opplæring i skriftleg sidemål.

– Me fekk delvis gjennomslag for dette, og Høgre er no i valprogrammet for tidleg start med sidemål. Programmet vart ikkje slik Sogn og Fjordane Høgre helst ville ha det, men det er handlingsrom. Nynorsken har eit solid rotfeste og vil nok stå seg, sjølv om ein frå tid til annan møter litt motbør, sa Noralv Distad etter sidemålsvedtaket.

Kva synest du om språkpolitikken til Høgre?