Droppar mållova og karakter i sidemål

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Droppar mållova og karakter

– No gjeld det å halda hovudet kaldt og ikkje la gode målingar gå til hovudet på oss i populistiske frieri i billegge saker som sidemål, sa Arne Hjeltnes i debatten om sidemålet på landsmøtet til Høgre. 

– Høgre er eit parti som baserer seg på kunnskap, fakta og forsking. Og NTNU har endeleg slått fast at ungar blir smartare med skriftleg sidemål. Dei lærer til og med betre engelsk og betre matte, heldt Hjeltnes fram (sjå innlegget nedst i saka).

Fleirtalet på 187 røyster gjekk inn for denne teksten:

"bruke tekster både på bokmål og nynorsk i norskfaget gjennom hele skoleløpet. Avvikle ordningen med egen karakter og eksamen i sidemål i den videregåande skolen og i ungdomsskolen"

112 røysta for å berre kutta ut eigen karakter og eksamen i vidaregåande.

Tidlegare start
Valfritt sidemål er ikkje er nemnd i partiprogrammet. Sogn og Fjordane Høgre hadde i utgangspunktet eit framlegg om å starta tidlegare med opplæring i skriftleg sidemål.

– Me fekk delvis gjennomslag for dette, og Høgre er no i valprogrammet for tidleg start med sidemål. Programmet vart ikkje slik Sogn og Fjordane Høgre helst ville ha det, men det er handlingsrom. Nynorsken har eit solid rotfeste og vil nok stå seg, sjølv om ein frå tid til annan møter litt motbør, seier Noralv Distad i ei pressemelding frå Høgre i Sogn og Fjordane.

Fleirtalet på landsmøtet gjekk òg inn for å erstatta dagens rett til å få svar på eigen målform, med ein rett for tilsette i staten og språknøytrale kommunar til å bruka sin eigen målform.

Les fleire saker frå sidemålsdebatten her!

Karakterar
Framfor for landsmøtet har det vore usemje i Høgre om innføring av karakterar i barneskulen.

Landsmøtet vedtok at det skal innførast karakterar allereie frå femte trinn. Forslaget om at kommunane sjølv skulle avgjera om dei ville innføra karakterar fall.

I tillegg til karakterar vil Høgre innføra skriftlege tilbakemeldingar i basisfag til elevar og foreldre frå første trinn.

Eksamen før russetida
Noko overraskande fekk Unge Høgre gjennom forslaget om at skriftleg eksamen i vidaregåande skal gjennomførast før russetida.

Landsmøtet vedtok elles å innføra skriftleg avgangseksamen i norsk, matematikk og engelsk for alle elevar på 10. trinn. Dagens regler går ut på at elevane blir trekkt ut til éin skriftleg eksamen.

LES OGSÅ: Her feirar russen hardast

Kva synest du om vedtaka på landsmøtet til Høgre?