Historisk få dåpsbarn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Historisk få dåpsbarn i Noreg

Delen døypte i 2014 var 58,9 prosent, ein nedgang på heile 3,1 prosentpoeng frå året før. Delen av ungdomskullet som vart konfirmerte enda på 62,5 prosent, ein nedgang på 1,1 prosentpoeng frå året før, skriv Dagen.

LES OGSÅ: Ureint heilagt vatn

Tilbake til førkristen tid
Dei siste ti åra har medlemsdelen i Den norske kyrkja falle med 10 prosentpoeng. Delen døypte av dei nyfødde har falle med over 18 prosentpoeng.

Fortset utviklinga i dette tempoet vil ein bikke under 50 prosent dåpsdel før det har gått fem år, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

I hovudstaden vart berre 27 prosent av alle fødde barn bore til dåpen i Den norske kyrkja i 2014.

– Tala har berre gått nedover sidan kristendommen vart innført i Noreg, seier professor i kyrkjehistorie og rektor ved Menighetsfakultetet Vidar Haanes til Dagen.

Han meiner vi må tilbake til førkristen tid i Noreg for å finne ein lågare del av folket som døyper barna sine i folkekyrkja.

– Dåp er einaste medlemskriterium for kyrkja. Ein god og stabil oppslutning om dåpen er eit viktig grunnlag for om vi i det heile tatt kan snakke om ei folkekyrkje, seier han. (©NPK)

LES OGSÅ: Fleire besøkte utmeldingssida til Kyrkja

I fjor lanserte Den norske kyrkja denne reklamefilmen for å få opp dåpstala: 

Kinoreklame – Dåp from Fabel Media AS on Vimeo.