Fleire besøkte utmeldingssida til Kyrkja

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heile 8.387 av desse var innom sida tysdag då spørsmålet om ekteskap for homofile blei diskutert. Til samanlikning var 137 personar innom sida for innmelding same dag, ifølgje Vårt Land.

Forslaget om at kyrkja skulle starte arbeidet med ein liturgi for vigsel av homofile fall på kyrkjemøtet i Kristiansand tysdag. 51 stemte for forslaget, medan 64 stemte mot. Kyrkja vil heller ikkje gå inn for forbøn for homofile.

LES OGSÅ: Melder seg ut av Presteforeningen i protest

Postutmelding
– Vi har sett at mange snakkar om å melde seg ut på sosiale medium, men om dei faktisk gjer det, veit vi ikkje, seier pressekontakt for Kyrkjerådet, Trude Evenshaug, til avisa.

For å melde seg ut av Den norske kyrkje må ein enten troppe opp på eit kyrkjekontor eller sende inn utmelding med posten. Derfor er det førebels ukjent kor mange som faktisk har meldt seg ut.

På ein vanleg dag har nettsidene til Kyrkja mellom 6.000 og 7.000 sidevisingar. Tysdag hadde nettsidene til saman 30.983 sidevisingar. I heile 2013 meldte 5.464 personar seg ut av Den norske kyrkje.