Her er dei mest sårbare kommunane

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er dei mest sårbare

 Det syner ei ny sårbarheitsanalyse Telemarskforsking har utarbeida på oppdrag for Distriktssenteret.  

– Ei næringsmessig sårbar kommune er kjenneteikna av at den er avhengig av ei stor bedrift, har høg sysselsetting i ei og same bransje, og har låg inn- og utpendling, seier direktør i Distriktssenteret Halvor Holmli, til senterets nettsider.  

Studien syner at kommunar som hadde stor risiko for nedgang  i sysselsettinga i år 2000, også er næringsmessig sårbare i dag. I desse kommunane har næringslivet hatt ei vesentleg dårlegare sysselsettingsutvikling dei 10 siste åra, enn næringslivet i resten av landet.  

Løysingane
Distriktssenteret peikar på tre moglege løysingar for dei sårbare kommunane: Å leve med sårbarheita, å skape større bu- og arbeidsmarknadsregionar eller å legge til rette for breiare næringsutvikling.  

Distriktssenteret peikar på at ei kommune kan vera sårbar og suksessrik på same tid. Til dømes ved å vera avhengig av vekstbransje som oppdrett og offshorerelatert industri. Då kan det vera avgjerande å satse på kompetanseutvikling, teknologi- og produktutvikling og omlegging av drifta. Slik kan konkurranseevna til bransjen eller hjørnesteinsbedrifta kommunen er avhengig av styrkast, og kommunen kan leve med sårbarheita.  

Den andre løysinga kan vera utvikling av større bu- og  arbeidsmarknadsregionar, til dømes gjennom nye samferdsleprosjekt. Samstundes peikar Distriktssenteret på at geografi utelukkar større regionar som alternativ for ein del av dei mest sårbare kommunane.

LES OGSÅ:  Kan redusere køyretida med 7 timar

Lang tidshorisont
Breiare næringsutvikling er det tredje alternativet frå Distriktssenteret. Dei peikar på omstillingskommune som har klart å verte mindre sårbare med å auke talet på arbeidsplassar elles i næringslivet. Til dømes har Hasvik i Vest-Finnmark vorte mindre avhengige av fisk og fiskforedling, ved å skape nye arbeidsplassar basert på havturisme.  

Telemarksforsking  peikar på at slik omstilling tek lang tid, og at kommunar som satsar på slik omstilling må ha ein tidshorisont på 20 år.  

– Sårbarheitsanalysen minner oss på at kommune og regionar med stor vekst i dag, kan vera like sårbare for nedgang i sysselsetting som andre. Dei må heile tida jobbe for å møte ein slik eventuell nedgang. Med denne studien kan vi gje dei eit peikepinn på korleis dette kan gjerast, seier Holmli til Distriktssenterets nettsider.    

LES OGSÅ: Rekordmange startar bedrift