Rekordmange startar bedrift

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lukta av heimebrygg fyller dei måndagstomme lokala til Fossen Bryggeripub i Dale i Sunnfjord. Rolf Ivar Skår og Else Marie Skår har gjort ein gamal spesialvarehandel om til mikrobryggeri og restaurant. Dei er ikkje åleine om å tenkje nytt.

Ifølgje ei undersøking gjort av Nationen og Experian ligg 2012 an til å bli eit rekordår for nyetableringar i Noreg. I Sogn og Fjordane har talet på nye bedrifter auka med over 70 prosent frå same tid i fjor.

LES OGSÅ: Kongedøme

Har funne sin nisje
På menyen til Fossen står husmannskost, vestlandske tapas og heimebryggja øl. Kring borda i det nyoppussa lokalet er det plass til unge som gamle, i "kjærleikskroken" kan ein finne rom for privatliv, medan borna leikar i leikekroken. Fossen Bryggeripub vil fylle eit tomrom i den vestlandske bygda.

– Vi er ein stad for alle, små som store, ungdom som vaksen, og turistar som bygdefolk, seier Else Marie Skår.

Sidan bryggeriet opna kranane i juni har responsen vore overveldande, ifølgje gründarane.

– Vi har ikkje hatt ein roleg kveld, smiler Skår.

Innsatsen paret frå Oslo og Hyllestad har lagt ned er stor. Dei har mellom anna bygd om ein gamal spesialvarehandel til eit lokale som skal passe ei brei kundegruppe, sett opp bryggeri på bakrommet, laga scene og bygd peis.

– Skal du gjere noko må du gjere det heilhjarta, seier Skår.

LES OGSÅ: Stolt sumarjobb

Distrikta på topp
Til no i år er det etablert 18 314 nye næringsføretak i Noreg, syner tal som Experian har utarbeidd for Nationen.

Til samanlikning var 2006 var eit toppår, med 38 000 nyetablerte føretak. Tre år seinare, etter finanskrisa, var det tilsvarande talet 22 000.

– Med ei framleis positiv utvikling ligg 2012 an til å bli det beste året gjennom tidene når det gjeld etablering av nye føretak i Noreg, skriv avisa.

Ifølgje NPK er veksta størst i Finnmark. Her er talet på føretak nesten dobla, frå 65 nyetableringar i fjor til 128 i år, ein vekst på 96,9 prosent.

Sogn og Fjordane kjem på andreplass, med ei auke på 72 prosent om ein samanliknar talet på nyetableringar frå andre kvartal 2011 til andre kvartal 2012.

– Lågare krav, mellom anna senka kapitalkrav for aksjeselskap, ser ut til å ha verka. Tre av fire nye bedrifter er AS og ASA, skriv Nationen.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå har nystarta verksemder i Sogn og Fjordane høgst overlevelsesrate, medan verksemder i Oslo har lågast.

Etableringslyst
– Ja, det skjer mykje i Sogn og Fjordane. Innanfor oljeindustrien, fornybar energi og ulike teknologiverksemder, samt i reiselivsbransjen er det høg aktivitet, seier styreleiar i Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane og direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, Atle Hamar.

Han meiner å sjå at unge som er ferdige med utdanninga i større grad enn før vender heim med ein gründer i magen.

– Kombinasjonen av det gode liv og gode etableringsvilkår trur eg trekk folk tilbake, anten for å starte si eiga bedrift eller som godt kompetent arbeidskraft som næringslivet treng, seier Hamar.


FOR ALLE: Fossen Bryggeripub skal ha noko for alle i bygda, ifølgje gründer Else Marie Skår. – Ein kan ikkje gjere noko halvhjerta om det skal fungere, seier ho. Foto: Tora Hope

Vere fleksibel
Hamar meiner gründerar som vil starte opp i distrikta må vere fleksible og finne seg gode partnarar for å lukkast.

– Dersom du er fleksibel og tenkjer fleksibelt, er det gode moglegheiter for å drive bedrift i Sogn og Fjordane. At gründeren får vere gründer, medan ein kompanjong tek seg av alt som kjem på sida er òg viktig, seier Hamar.

I Sogn og Fjordane finst òg eit godt utbygd rettleiingsapparat.

– Rettleiingsapparat er ikkje vanskeleg å kome i kontakt med i Sogn og Fjordane og kan vere god hjelp, seier Hamar.

Også regionsleiar i Bedriftsforbundet Vest, Kristine Wallevik, peikar på gode rådgjevarar som ein nøkkel til suksess.

– Ha ein god plan og gode rådgjevarar, er hennar beste råd.

Forutan bedrifter som rettar seg mot marknadar utanfor fylket, ser Hamar positive tendensar for verksemder som tilbyr reiselivsprodukt. Han meiner bedrifter som har funne sin nisje er etterspurde i fylket.

Følg draumen
Else Marie og Rolf Ivar Skår har funne sin nisje på mikrobryggeriet i Dale. Else Marie trur det er ei myte at det er vanskelegare å starte noko i distrikta enn i byane.

– I byane er konkurransen større enn på bygda, seier ho.

Ho meiner unge gründarar med ein god ide og mykje stå-på-vilje kan kome langt.

– Det er ikkje hjelp i å gjere noko halvveges. Viss du har ein draum og du er god til noko, bygg noko rundt det du er god på. Då kan du kome langt, rådar ho.