Frivillig – fordi eg fortener det

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge turistar er ikkje kva dei ein gong var. I dag vil dei ikkje berre feriere, dei vil gjere noko for verda – og for seg sjølve. Før dei står der, ein støvete stad i Afrika og snikrar på ein skolevegg eller teiknar på ei tavle, har dei ofte betalt i dyre domar. Som løn ventar dei personleg utvikling og kulturell lærdom.

Turisme er ei av dei raskast veksande industriane i verda, og frivilligheitsturisme ei av dei raskast veksande trendane. Ifølgje ein rapport i Journal of Sustainable Tourism frå 2008 reiser om lag 1,6 millionar menneske på frivilligheitsferie kvart år, og bransjen omset for fleire milliardar.

Talet på private aktørar har auka markant, og organisasjonar som AIESEC, Projects Abroad og X-plore fortel om særleg stor pågang frå studentar.

Lite forsking er førebels gjort på den veksande industrien, og organisasjonane har få formelle krav til resultat. Forskarar åtvarar likevel mot belastingar på sårbare born og uheldige økonomiske konsekvensar for fattige lokalsamfunn.

Slagord som «Kva skal skilje deg ut?» «La Afrika forandre deg», «Hjelp, lær, opplev!» og «Dørene blir opna for deg» levner liten tvil. Det handlar om kva frivilligheiten skal gjere med deg.

Eller, som organisasjonen AIESEC lovar: «… med dette grunnlaget får unge menneske høvet til å vere verdsborgarar, endre verda og utvikle eigenskapar og ferdigheiter som er relevante i dagens samfunn.»

– Kva tyder det?

– Å vere verdsborgar handlar om å få eit breiare perspektiv og større forståing for at dei utfordringane du les om i Aftenposten, er verdsutfordringar, svarar president i AIESEC, Andreas Sung Unstad.

Seks veker i eit anna land er «pro-aktiv læring», for å oppnå «on-the-ground»-røynsle, som han kallar det. Du får ikkje mindre enn større forståing for deg sjølv og grensene dine, uthaldenheit og krysskulturell kompetanse.

– Etterpå kan dei gjere noko meiningsfullt med talentet dei har utvikla. Sidan starten i 1948 har tidlegare deltakarar starta føretak, gått inn i politikken og fått fredsprisar. Etter eit AIESEC-opphald har du større sjanse for å lukkast, seier Unstad.

I AIESEC handlar det om å utvikle gode leiarar. Mottoet «fred og utvikle potensiala til mennesket» skal rettferdiggjerast ved at deltakarane kan påverke heile verda.

Den nye trenden må plasserast i ein historisk samanheng, meiner bistandsforsker og idéhistoriker Terje Tvedt. Han omtalar det heile som ein «umorsom farse» og ei pervertering av dei relasjonane mellom mottakar og gjevar som vart etablert i den tradisjonelle bistandsepoken.

Bistanden har alltid stort sett vore viktigare i Noreg enn i dei fleste av mottakarlanda. Men at det blir så eksplisitt fokus på behova til hjelparen, er historisk sett noko nytt.

– Her er det hjelparen som skal hjelpast til å få ei oppleving og eit sertifikat, ved å vere med å hjelpe dei fattige. Han som mottek bistand eksisterer for hjelparen. Kva hjelpa fører til, og om han er tilpassa, er det ingen som veit, og selskapa er heller ikkje interessert i det, seier han.

Han peikar på at ordninga har oppstått i eit tomrom, sidan dei klassiske organisasjonane som Norsk Folkehjelp, Raudekrossen og Flyktninghjelpa sender ut færre hjelpearbeidarar.

– Desse firmaa vil tene pengar på unge folk sine gode intensjonar, men òg umodne verdsbilete og sjølvbilete. Dei gjev meir pengar til dei vestlege firmaa enn til dei ein seier ein skal hjelpe, seier han.

Les òg: Ungdom trur på ei rettferdig verd

Maria Bergli, samfunnsgeografistudent ved Universitetet i Oslo (UiO), betalte 4000 kroner til AIESEC for å jobbe i Kamerun i seks veker. Ho gjorde det først og fremst for sin eigen del, som ein smakebit på utviklingsarbeid og verdifull CV-mat for å skilje seg ut i myldret av søkjarar i bistandsbransjen.

– Om ein gjer det berre for å hjelpe andre, eller for å prate om det etterpå og leggje ut bilete på Facebook… Altså, det er alltid element av begge delar. Eg har fått positiv feedback frå ulike folk på at to månader i Kamerun ser bra ut. Mange i Oslo har lyst til å jobbe i Raudekrossen eller UD utan å ha vore i utlandet. Det er lite haldbart, seier ho.

Ho skulle vere med å skrive ein rapport for turistdepartementet i Kamerun og lage ei nettside, for å promotere turisme.

– Eg hadde det moro, og eg lærde mykje om kor viktig der å kjenne lokale tilhøve. Ting tek tid i Afrika, seier ho.

Det er Maria Bergli i Douala. Det er hennar seks veker, møta hennar andlet til andlet og den skilnaden ho gjer som sjølvstendig individ. Opplevingar, læring og røynsle, og i mindre grad eit brennande politisk engasjement. Det er heilt i tråd med den generelle utviklinga blant unge i dag.

Sosiolog og forskar ved Institutt for samfunnsforskning Håkon Lorentzen meiner inntoga til dei private aktørane tyder på at ein tidlegare politisk dimensjon ved frivillig arbeid er heilt forsvunne.

– For tjue år sidan var du som individ mindre viktig enn dei urettferdige systema. Du stilte deg last og brast med dei undertrykte og gjorde ein innsats ut frå politisk ståstad og fellesskapskjensle, seier han.

Arbeidarane i Noreg solidariserte med arbeidarane på Cuba. Kyrkjas Naudhjelp dreiv arbeid for fattige ut frå ei kristen overtyding. I dag er det frivillige arbeidet individualisert og lausrive frå tradisjonelle, ofte politiske, organisasjonsband. Vi deltek i første rekkje av personlege og emosjonelle årsakar.

– I logikken til marknaden blir frivilligheita eit ledd i «brandinga» av deg sjølv. Organisasjonane og reisebyråa vendar seg til deg som eit unikt individ som kan skilje deg ut ved å arbeide frivillig, seier han.

Den nye trenden ser han i samanheng med samfunnsutviklinga: Kollektivismen forvitrar og individualiseringa veks fram.

– Du jobbar frivillig for å realisere deg sjølv, utan det same blikket for det vi står og går i. Å gjere godt for andre fyllar deg med gode kjensler, seier Lorentzen.

Ifølgje Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillighet jobbar ungdom mindre frivillig enn før. Når dei vel å gjere det, er det i aukande grad nettopp personlege motiv knytta til sjølvrealisering og karriere som ligg attom, fortel forskar Kari Steen-Johnsen.

– Fleire enn tidlegare vektlegg attestar og CV som viktig motivasjon, seier ho.

Ikkje lenger statleg ansvar   
Fram til 1990 var det staten som skulle ha ansvaret for folk, ikkje den einskilde kapitalisten og ønska han hadde til å kjøpe seg fri frå kritikk. I dagens individualiserte, velståande Noreg er dette annleis. Parallelt med at banda mellom organisasjonar og frivillige blir lausare og personleg motivasjon viktigare, aukar vilja til å gje gåver til frivillige organisasjonar, ifølgje Steen-Johnsen.

– I heile folkesetnaden er filantropiske haldningar meir utbreidd enn før, noko som kan utfordre dei tradisjonelle folkerørslene, seier ho.

Samfunnsgeograf Guro Aandahl vel å tru at dei som reiser, verkeleg ynskjer å gjere ein skilnad.

– Dei arbeider neppe time etter time med skulebyggjing i Rwanda berre for å ha det på CVen, seier ho.

Ho ser trenda som eit høve for at fleire kan lære å kjenne på skilnader.

– Dei fleste nordmennene har ikkje vore i land i sør, og har kanskje skeive bilete av årsakane til fattigdom, korleis det er å leve i fattigdom og korleis det heng saman med slik vi har det her. Det er verdifullt om fleire kan få innsikt i ein røyndom vi sjeldan ser, seier Aardahl.

Ho ber ungdom vere på vakt mot organisasjonar som spelar på gammaldagse og forenkla verdsbilete utan sjølvstendige aktørar med eigne tankar og ynskjer. Nettsida Ethicalvolunteering.org åtvarar spesielt mot reklamekampanjer med bilete av fattige born og vestlege ungdomar som reddande englar. Oppsøk positive, likeverdige framstillingar, tilrår dei.

Tidlegare framsto frivilligheitsturismen som eit etisk og berekraftig alternativ til konvensjonell turisme. Men dei siste par åra, etter at trenda skaut fart, har uromeldingane kome. Det blir åtvara mellom anna mot inkompetente frivillige og kortvarige prosjekt som ikkje blir fullført.

Universitas har vore i kontakt med fleire tidlegare AIESEC-deltakarar som fortel om manglande samsvar mellom det dei venta seg og gjennomføringsevne.

Litegjennomtenkt                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                              For Maria Bergli verka turismeprosjektet lite gjennomtenkt. Departementet visste ikkje på førehand om arbeidet med rapporten, og den lokale organisasjonen hadde ikkje pengar til å betale for nettdomenet. Prosjektet vart parkert.

– Det blir lagt opp til litt for høge forventingar. Vi skal lære så mykje, gjere så mykje, ha «impact» og alt det der. Ein må flytte ned og bu i eit land over lengre tid for å forstå korleis innbyggjarane kan skape utvikling på eigne premisser, seier Bergli.

Leiinga i AIESEC Noreg beklagar at deltakarar har vorte skuffa, og seier studentar skal kunne forvente at opplegget er som førespegla.

Som AIESEC-deltakarar skal dei unge kome heim med vidsyn og magen full av ansvarleg og positiv leiarskapsiver. Men om måla til prosjekta blir nådd og gjev ein positiv effekt på lang eller kort sikt, er det vanskelegare å gje svar på. Når det er sagt, er konkrete resultat i dei mange tusen prosjekta mindre viktig enn personleg utvikling, ifølgje president Andreas Sung Unstad.

– Kva oppnår ein på seks veker?

– Det er vanskeleg å sjekke alle prosjekta. Dette er ikkje direkte påverknad som kan målast i talet på menneske som vart redda. Det er individuelt og varierer ut frå forventingar og røynsler. Men du får høvet til å jobbe aktivt på bakken i eit anna land, svarar han.

For Thea Storøy Elnan, student ved internasjonale studium på UiO, førte to månader i Kairo til gode vener og kunnskap om Egypt – men òg stor skuffing. Ho skulle formidle for ungdom på barneheim korleis dei best kan leve berekraftig.

I staden vart ho kasta inn i rolla som engelsklærar for born frå 6 til 10 år, som kunne få ord utover «hello». Det fanst knapt ei tavle, skrivebøker eller nokre å kommunisere med.

– Mange opplevde det same, og ein del av dei som var med jobba ikkje i dei sju vekene dei var der, utan at AIESEC hjalp dei å finne alternativ, fortel Elnan.

– Kva fekk borna ut av det?

– Vel, dei lærde nokre fleire ord engelsk. Kanskje lærde dei òg at det finst menneske i land utanfor Egypt som er akkurat som dei. Det må ha hatt noko å seia. Elles ville eg ikkje fått ein enorm bunke med teikningar då eg drog, seier ho.

Men resultatet av det ho gjorde, og kva som skjedde med borna etterpå, veit ho lite om. I staden sit ho med kjensla av at den som fekk aller mest ut av det, var henne sjølv.

– Eg skulle likt å vite om det var gjensidig, slik at det eg gjorde og den kompetansen eg hadde, òg var bra for Kairo, seier ho.

Flesteparten av dei som reiser ut vil jobbe med born, ifølgje leiinga i Projects Abroad. Deira frivillige jobbar med born heilt ned i spedbarnsalderen, men treng ikkje pedagogisk bakgrunn og kan vere så unge som 16 år.

I ein rapport frå Human Science Research Council (HSRC) åtvarast det mot dei emosjonelle og psykososiale belastingane dei allereie sårbare borna kan påførast. Born i institusjon knyttar gjerne tette band til dei frivillige, men når den korte perioden deira er over, blir dei forlatne og må vente på neste pulje.

– Korleis skal borna forstå kva du prøver å gjere når du korkje snakkar språket eller er der lenge nok til å etablere ein relasjon? spør Tricia Barnett i organisasjonen Tourism Concern overfor avisa The Timast.

Leiar i Projects Abroad, Solfrid Hanna, seier dei er medvitne på problemet, men at alternativet er vondare.

– Det er betre for borna å få omsut av fleire enn tre tilsette som ikkje har tid til å sjå kvart enkelt barn. Då kan frivillige vere til god hjelp på eit barnehjem eller dagsenter, seier ho, og fortel at dei kompenserer med ein kontinuitet av stadig nye frivillige som startar opp der den forrige slapp.

– Er det riktig å gje inntrykk av at dei gjer ein reell skilnad?

– Ja, eg meiner det. Fordi dei frivillige ofte har god engelsk kan dei praktisere med borna, gje det styrka sjanse for utdanning, seier ho.

Vondare blir det dersom institusjonane erstattar stabile familiar. Parallelt med veksta i talet på betalande frivillige, har talet på privateigde barneheimar, særleg i Afrika sør for Sahara, vakse med 65 prosent globalt, ifølgje The Guardian. Fleire av desse er ikkje registrert og står på ustø grunn når det gjeld ansettingskontraktar og finansieringsordningar.

I land som Kambodsja, Sierra Leone, Liberia, Ghana, Haiti og Indonesia er mange av borna ikkje foreldrelause, men frå lutfattige familiar, ifølgje UNICEF.

Uroleg for lokal økonomi
Konsekvensane for lokal økonomi uroar forskarane. Arbeidet som blir gjort er oftast kortvarig og krev få kvalifikasjonar. Det er difor ein reell fare for at dei frivillige pressar ut lokale arbeidarar, heitar det i HRSC-rapporten. Det blir åtvara mot etableringa av ei slags betalande elite i område der arbeidsløyse og fattigdom allereie er utbreidd. Vestleg ungdom jaktar på røynsle og attestar som lokal ungdom sårt kunne trenge sjølv.

Leiinga i Projects Abroad seier at dei tvert imot tilset lokale, samstundes som dei frivillige kjøpar ting lokalt, et på lokale restaurantar og betaler for kost og losji.

– Det er ein balansegang vi følgjer med på. Sjølv om lokale arbeidarar ville ha vore det beste, har dei ikkje pengar til å tilsetje, seier Solfrid Hanna.

Les heile saka i Universitas (på bokmål)!