Ungdom trur på ei rettferdig verd

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) har saman med Opinion og Nord/Sør-konsulentane utført ei gallupundersøking om kunnskapar og haldninger til Nord/Sør spørsmål norsk ungdom har.

Undersøkinga syner at ungdom har ein del faktakunnskap om slike spørsmål, men at dei i stor grad manglar ei forståing av globale maktstrukturar, grunnleggjande årsaker til fattigdom og samanhengen mellom manglande utvikling i Sør og rikdomen i Nord.

Manglar heilskapleg global forståing
– Gladnyheitene her er til dømes at tre av fire unge er engasjert i nord/sør spørsmål, at unge føler ein sterk solidaritet med fattige land og at dei er optimistiske til at skilnadane kan jevnast ut. Og 70 prosent meiner vi har eit moralsk ansvar for å kutte klimautslepp her heime, seier Gunhild Grande Stærk, leiar i LNU.

LES OGSÅ: Krev klimahandling i Noreg

Samstundes syner undersøkinga at få er viljuge til å redusera eigen levestandard for å kjempe mot klimaendringane, kun ein av fire er einige i at dei tener på fattigdom i andre land. Ungdomane legg òg mest vekt på interne høve i fattige land når dei skal oppgje årsaker til fattigdom i land i Sør – ikkje globale maktstrukturar som handelsreglar og finanssystem.

– Diverre er ei global forståing utan kunnskap om dei større samanhengane inga verkeleg global forståing, og det utrustar heller ikkje ungdom til å kunne vere ein del av løysinga, kommenterer Grande Stærk.

Aktiv ungdom skil seg positivt ut
Undersøkinga avdekkjer store skilnadar mellom ungdom som er med i ein fritidsaktivitet eller ein organisasjon, og dei som ikkje har nokon fritidsaktivitet.  Det er et gjennomgåande mønster i at forståinga for Nord/Sør-spørsmål er større hjå dei som deltek i fritidsaktivitetar.

– Dette syner at barne- og ungdomsorganisasjonar speler ei viktig rolle i å auke den globale forståinga til ungdomen. Her får dei praktisk erfaring og kunnskap og utfordrast til å vere endringsaktørar, meiner LNU-leiaren.

Stærk peiker på at god Nord/Sør-informasjon kan ha mange ulike formar og tilnærmingsmetodar.

LES OGSÅ: Supre, sære og ganske like

– Medlemsorganisasjonane våre gjer alt ifrå å bidra til å samarbeide om fritidsaktivitetar, drive med bistand, ha utveksling, gjennomføre kampanjar og gjere politisk påverknadsarbeid. Alt bidreg til å gje ungdom viktig kunnskap om Nord/Sør-spørsmål, understrekar ho.

Behov for langsiktig satsing
LNU håpar undersøkinga vil bidra til at ein ser, og støttar opp om, den viktige rolla organisasjonane har i å gje ungdom ei helskapleg global forståing, og at ungdom blir sett på som ei viktig målgruppe for meir og betre informasjonsarbeid om Nord/Sør-spørsmål.

– Vi vil utfordre skulen til å ta i bruk organisasjonen som eit praktisk supplement til undervisinga. Styresmaktene må òg auke den internasjonale grunnstøtta og gjere ho mer stabil og forutsigbar slik at organisasjonane kan drive meir langsiktige kampanjar. Det tek tid å etablere kunnskap og haldninger, avsluttar Grande Stærk.

Faktaboks

Om LNU:
• Eit samarbeidsorgan for 97 barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg.
• Forvaltar over 100 millionar kroner i form av ulike støtteordningar.
• LNU jobbar for dei felles interessene medlemsorganisasjonane har ovanfor myndigheitene og andre viktige samfunnsaktørar.