Frå fjorden til metropolen

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei er forlova, bur i London, har skrive boka saman og fullfører kvarandre sine setningar. Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland er ikkje heilt som andre romandebutantar. For det første er dei svært unge, berre 23 år – langt yngre enn gjennomsnittsdebutanten på 35 – og for det andre hadde dei signert bokavtala før dei nærast hadde skrive eit einaste ord.

LES OGSÅ: – Eg er eigentleg ikkje så glad i ordet syndrom

Frå vestlandet til dekadensen
Det var nemlig Samlaget sjølv som ringde dei ein torsdag i oktober for å høyre om dei ville skrive  bok for dei. I snart to år har dei to sete i leilegheita i London, dikta og fabulert til det som no snart er den lanseringsklare boka «& me skal bli omskapte».

Men kva for bok er eigentleg «& me skal bli omskapte»? Jostein tek det på eg å svare.

– Boka handlar om Jakob Hov, som veks opp på Vestlandet i ein familie som eig ein sjokoladefabrikk. I generasjon etter generasjon har fabrikken blitt arva frå far til son, og Jakob er den neste i rekka, seier Jostein og utdjupar.

– Når boka startar går han i lære for å bli sjokolademakar, chocolatièr, i Paris. Ein dag får han eit brev frå grandonkelen, og det syner seg etterkvart at han har arva eit butikklokale i London. Då må Jakob velje kva han skal gjere vidare: Følgje sin eigen sti eller den familien har tråkka opp for han. Boka handlar mykje om kampen hans – både med seg sjølv og andre …

– … og om å bli sin eigen person, fullfører Mariell.

LES OGSÅ: Fargerik skriverevolusjon

Vent ytre, indre mørker
Sjølv om det heile kan høyrest ganske vent og vakkert ut, fortel dei to at boka ikkje berre er søt og ven – tvert i mot er ho både mørk og bitter i blant, som sjokoladen sjølv.

– Mange vil nok bli overraska over nett kor mørkt det er. Jakob støyter jo frå seg familien sin, og finner plutseleg ut at han er åleine i verda, seier Mariell.

Jostein nikkar. Dei er begge tydelege på at Jakob ikkje er nokon enkel person.

– Han er flink til å styre folk, men knyte seg til folk gjer han ikkje. I romanen kjem det til eit punkt der han spør om han eigentleg har nokon att, seier han.

LES OGSÅ: Hadde ingen forfattardraum

Med fjella i hugen
Sjølv om boka fortel ei historie dei har funne på, deler Mariell og Jostein noko av både bakgrunnen og kvardagen sin med romankarakteren Jakob.

Alle er dei vestlendingar og sogningar – Jostein frå Lærdal og Mariell frå Årdal – og som Jakob bur dei i London der dei forfølgjer sine kunstnariske draumar: Mariell som fotograf og bloggaren bak hjartesmil.com, og Jostein som elektronisk musikar.

Sjølv om dei begge på ubestemt tid flytta frå heimstadane sine for å leve livet i metropolen, er det ikkje slik at dei heilt har forlate heimplassane ved fjord og fjell.

– Av og til trur eg at jo lengre ein kjem heime frå, jo meir kjem ein eigentleg heim, seier Mariell, før ho utdjupar.

– Eg pla å hate fjella då eg budde heime i Årdal, men no når eg har vore borte frå dei er det nett som om dei er komen nærare: Eg ber dei med meg. Og for kvar gong eg kjem heim er det som om dei er blitt høgare …

– … og som eg er komen nærare, bryt Jostein inn.

– Eg har aldri følt meg så mykje som nordmann og vestlending som no, konstaterer Mariell.

LES OGSÅ: E-post frå Ragnar Hovland

Det litterære Londonlivet
Når dei skulle skrive bok valde dei å finne opp ei ny historie, sjølv om dei er godt vande med å lage kunst ut av kvardagen sin. Mykje av livet deira vert dokumentert på bloggen til Mariell, som har fleire tusen daglege lesarar, og Jostein har nytta opptak frå festar, togturar og samtalar som ein del av musikken sin.

Når de elles ofte nyttar livet dykkar i kunsten, kvifor valde de å finne på ei heilt ny historie no?
Vi ville spare den store historia til seinare, seier Jostein kontant, med eit smil om munnen.

– Det jo så nakent å skrive uansett. Det er jo oss der, sjølv om det ikkje er sjølvbiografisk. Våre tankar, våre fantasiar, seier Mariell, før ho utdjupar.

– Dessutan har det vore fantastisk å få finne opp folk. Vi har skapt karakterar som vi gjerne sjølv ville ønskt å ha i liva våre …

– … sjølv om dei er veldig vanskelege folk til tider, bryt Jostein inn.

LES OGSÅ: Debutant får kulturpris og 300.000

Draumen held fram
I desse dagar går boka i trykken, og ho er venta i butikkane i slutten av september. Men korleis er det eigentleg å ha skrive ferdig si første bok? Den som trur det berre er glede må tru om igjen.

– Eg trur eg har gått gjennom ein sorgprosess no som vi er ferdige å skrive. Det har vore utruleg fint å få gje liv til Jakob og dei andre karakterane i boka, og litt trist at den prosessen er ferdig, seier Mariell.

Heldigvis har ikkje dei to unge debutantane tenkt å kvile for lenge på laurbæra.

– Planen vidare er å skrive ei bok til, seier Mariell og smiler lurt.

Kva drøymer de om for framtida?
Det er eit veldig vanskeleg spørsmål å svare på når ein skal gje ut bok. Det er jo så fantastisk, kva kan ein drøyme om når dette er det livet vi lever? spør Jostein.

– Vi kan nok berre drøyme om å halde fram på reisa. Om at folk framleis skal ringe oss å spørje oss om vi vil vere med på så fantastiske ting. Og så klart at det går bra med boka, avsluttar Mariell.