E-post frå Ragnar Hovland

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I tida som hovudkonsulent i Samlaget nytta Ragnar Hovland gjerne til alle-knappen på e-posten, og gav kollegaene «mange års bombardement med kortare og lengre e-poster», som forlaget sjølv skriv det.

LES OGSÅ: – Nynorsk litteratur har aldri stått sterkare

– Haustens mest morosame
Resultatet vart «Frå Ragnar til alle. E-post i utval», ei bok som har hausta stor åtgaum, Dagbladets meldar karakteriserte som «Høstens hittil morsomste bok» og meldaren i Dagsavisen meinte ein lett kan konkludere med at «Hovland er en over middels hyggelig og morsom fyr» og fekk lyst til å lese resten av forfattarskapen.

Vi sende ein e-post til Ragnar Hovland, og hadde slik flaks at det var forfattaren sjølv, ikkje ein fråværsassistent, som svara.

Kva fekk deg til å skrive e-postar til ALLE?  
– Eg syntest det å skrive e-postar til berre nokre få verka litt knuslete. Så det måtte nærmast bli alle eller ingen.

Kva e-postar likar du best å få?
– Slike som ikkje er frå folk som vil ha meg til å gjere noko for dei, men som t.d. berre er ei hyggeleg helsing.

Kva nettsider bruker du å gå innom på ein dag?
– Framtida.no, sjølvsagt. NRK, yr.no, deadoraliveinfo, youtube.

E-postar, songtekstar, essay, barnebøker og romanar – kva likar du best å skrive?
– Alt i alt liker eg nok best å skrive romanar. Men heilt korte tekstar kan også vere fint, når eg kjenner at eg får det til.

Du skriv at noko av det siste du var interessert i var å få ungdommen tilbake. Men kven var du som ung?
– Eg var nok fleire personar, men iallfall sjenert – og likevel med ein viss sjølvtillit -, melankolsk og med ein hang til ulykkeleg forelsking, interessert i musikk og bøker. Og sport.

I boka testa du Sandefjord og Trondheim, men du skriv meir om Jølster og Luster – kor mange stjerner kvar hadde desse kommunane fått, og kvifor?  
– Trur dei hadde fått ein god firar begge to. Mest på grunn av naturen, men sjølvsagt også fordi eg har ei sterk personleg tilknyting til begge.

Fråværsassistenten din lurte på kva veg nynorsken går. Kva trur du?
– Eg er vel ikkje altfor optimistisk lenger, heilt rette vegen går det jo ikkje. Men eg trur likevel vi kjem til å ha nynorsken hos oss lenge enno. Og ikkje minst vi som skriv har ei stor mulegheit for å gjere den attraktiv for folk.

«Eg trur mange frustrasjonar her på forlaget kan unngåast dersom ein sender ut eit rundskriv til forfattarane om at dei må skrive betre.» Har du nokre tips til ungdom som vil verte forfattarar?
– Eigentleg ikkje, bortsett frå dei to grunnleggjande: Les mange bøker og hald ut! Og ver klar over at mykje av skrivearbeidet er ganske kjedeleg. 

Attende til Luster, og den populære spalta med nytt derifrå. I siste utgåve var du innom Spar der, «Øystein hadde elles skaffa seg ny kassadame, ho Sissel. Og sanneleg viste ho seg å vere ei eg var slik småforelska i konfirmasjonsalderen. Det gledde meg å sjå at ho hadde halde seg godt, ja truleg betre enn dei fleste av oss.» Men kva har skjedd i bygda sidan det?  
– Nei, sei det! Så orientert er eg jo ikkje. Men gamleskulen blei iallfall riven for ein del tiår sidan, Harastølen er nedlagd, samyrkelaget er borte, same med posten og helsesøsterkontoret. Men eg har inntrykk av at dei har meir jerv der enn i mi tid. Og større og betre hus.

Har du planar om å skrive like mange e-postar som Bjørnson skreiv brev?
– No hugsar eg ikkje akkurat kor mange brev Bjørnson skreiv, men eg må då ha slått han for lenge sidan??

Faktaboks

Ragnar Hovland

• Har gjeve ut meir enn 40 bøker i ulike sjangrar, mellom anna essaysamlingar, romanar og barnebøker.

• Også kjent for songtekstar som «Kveldssong for deg og meg».

• Arbeidde som hovudkonsulent i Samlaget frå 2000 til 2009.

• Heidra med mange litterære prisar, som Aschehougprisen, Nynorsk litteraturpris og  Brageprisen.

• Aktuell med «Frå Ragnar til alle. E-post i utval» og kjem med ungdomsromanen «Om noko skulle skje» seinare i haust.