– Forsking på farlege virus er ute av kontroll

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dødsvirus ute av kontroll

– Risikoen for at det skjer eit utslepp frå eit toppsikra laboratorium dei neste ti åra er stort. Tanken gjer meg utilpass, for eit slikt utslepp kan vera fatalt, seier Philippe Grandjean, professor i miljømedisin ved Syddansk Universitet, til Videnskab.dk.

Sjølv om dei mest sikra laboratoria er rusta for å motstå jordskjelv og bombeangrep, dei tilsette har på seg heildekkande drakter og masker og må passera gjennom luftsluser, er sjansen kring ein halv prosent for at virus slepp ut. Og når det er kring 40 slike laboratorium i verda, kan sjansen for eit utslepp vera så mykje som 20 prosent.

Og i løpet av dei neste ti åra kan risikoen vera så høg som 39 prosent, ifølgje utrekningar frå Grandjean.

LES OGSÅ: Fem millionar sofagrisar døyr kvart år

Stoppa all forsking
Ved slutten av 2011 blei det kjent at to forskingsmiljø hadde klart å framstilla ein ny variant av fugleinfluensa-viruset som truleg kan smitta mellom menneske. Forskingstidsskrifta Science og Nature vurderte å publisera resultata, men amerikanske styresmakter bad dei om å sensurera artiklane for å unngå at forskinga skulle bli brukt av terroristar.

I 2012 blei influensaforskarar over heile verda samde om å stoppa all forsking i eitt år, for å undersøkja korleis forskinga kunne regulerast betre for å hindra at terroristar skulle kunne få tak i farlege virus.

No er fleire forskarar skuffa over dei nye retningslinjene. John-Erik Stig Hansen, leiar for Center for Biosikring- og Beredskab i Danmark, er særleg kritisk til dei amerikanske reglane, som berre regulerer offentleg finansiert forsking i utvalde mikroorganismar.

– Det er ikkje i samsvar med tryggleiksresolusjon 1540 frå FN, som pålegg einkvar stat å regulera farleg teknologi. Så lenge nokre land som USA og Nederland ikkje lever opp til det, er det ein risiko for at det går gale, seier John-Erik Hansen til Videnskab.dk.

Forskaren Ron Fouchier, som stod for det omdiskuterte eksperimentet i Nederland, veit godt at laboratoriumet hans sannsynlegvis har laga eit av dei farlegaste virusa nokonsinne. Men han rettferdiggjer ifølgje Videnskab.dk dette med at forskinga har gjeve verdssamfundet verdifull kunnskap om fugleinfluensaen – kunnskap som er svært viktig om ein skal forsøka å utvikla ein vaksine.

LES OGSÅ: Urin kan lagast om til hjerneceller

Åtvara
Hausten 2012 åtvara den norske Bioteknologinemnda mot misbruk av bioteknologi og mangelfull beredskap i Noreg.

Då 22. juli-kommisjonen la fram sin rapport skreiv dei at “trass i at terroristar i dei seinare år har gjort mindre bruk av ikkje-konvensjonelle våpen, såkalla CBRNmidlar [chemical, biological, radiological and nuclear], og kyberangrep enn ein tidlegare frykta, kan dette raskt endra seg”.

Spanskesjuka som herja verda mellom 1918 og 1919 tok livet av 50 millionar menneske. Det gjev eit bilde på kva som kan skje om eit virus endrar seg til å bli livsfarleg for mange menneske.