Urin kan forvandlast til hjerneceller

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tisset ditt kan bli redninga di

Kinesiske forskarar har no funne ein ny metode for å omdanna celler frå nyrene til hjerneceller. Forskinga deira kan bli viktig i behandlinga av lidingar som Parkinsons og Alzheimers, melder Videnskab.dk.

Forskarane samlar inn celler frå nyrene som finst i urinen. Desse cellene blir så omprogrammert til å bli hjerneceller. Den nye metoden kan brukast til å framstilla fleire ulike typar hjerneceller. Den nye metoden er brukt på rotter, og har vist seg å vera sikrare enn tidlegare metodar ved hjelp av stamceller. Den nye metoden gjer det òg enklare å produsera fleire celler enn tidlegare.

LES OGSÅ: 17-åring bygde kunstig hjerne som ser brystkreft

– Dette kan definitivt få opp farten på ting, seier James Ellis, genforskar ved barnesjukehuset i Toronto i Canada til Nature.com. Han forskar til vanleg på autisme blant born.

I tidlegare forsøk har forskarar brukt stamceller frå 4-5 dagar gamle foster. I tillegg til dei etisk problematiske sidene ved dette, har dette samstundes ført til fleire risikoar, blant anna fare for kreft.  Ein har òg brukt virus til å kopla på nye genar på DNAet til cellene, men dette har òg ført til kreftrisiko og fare for ei utvikling av cellene som er vanskeleg å føreseia, ifølgje Videnskab.dk.

LES OGSÅ: Fleire venner gjev deg større hjerne

Metoden til dei kinesiske forskarane vil òg gjera den enklare å samla inn celler frå born, fordi det er lettare å få born til å tissa enn å stikka dei med ei nål.