Folk kjenner og likar Ivar Aasen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Dette kjem fram i ei undersøking MMI har gjennomført på oppdrag for Språkåret 2013 og Nynorsk kultursentrum.  

– I Språkåret 2013 skal vi feire at Noreg er eit mangfaldig, raust og inkluderande språksamfunn. Sidan dette skjer i året då det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, er det eit godt utgangspunkt for feiringa at så mange kjenner Aasen, seier Inger Johanne Sæterbakk, prosjektleiar for Språkåret 2013 i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Språket er slottet vårt

Mykje å seie  
I undersøkinga svarar 56 prosent at dei spurte at dei har eit godt inntrykk av Ivar Aasen, medan berre 7 prosent svarar at dei har eit dårleg inntrykk.  

–  Eg trur at språkprosjektet til Ivar Aasen har hatt mykje å seie for at det norske samfunnet er så ope for språkleg mangfald, både når det gjeld minoritetsspråk, talemål og nye innvandrarspråk, seier Sæterbakk.    

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

Jubilantar
Bakgrunnen for Språkåret 2013, er at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og at det er 100 år sidan Det Norske Teateret opna.  

– Dette er første gongen at alle språk i Noreg blir feira. Gjennom eit heilt år skal vi feire språk, diskutere språk og lære meir om den unike språksituasjonen her i landet, både nasjonalt og lokalt, fortel prosjektleiar Inger Johanne Sæterbakk.  

Språkåret 2013 blir offisielt opna av kulturminister Hadja Tajik i Kristiansand 2. Januar, der Det Norske Teateret hadde si fyrste framsyning.  

LES OGSÅ: Språkfest i nynorske fotefar