– Språket er slottet vårt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 22.08.2019 20:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ikkje snakk engelsk

Den tidlegare islandske presidenten gjesta Språkdagen i Oslo konserthus tysdag. I dag er ho UNESCO-ambassadør med spesielt ansvar for dei små språka. I dag er det kring 5800 språk i verda. I løpet av dei neste 100 åra er det venta at halvparten av desse vil døy ut. Islandsk er ho ikkje redd for.

– Når språk forsvinn, forsvinn òg mykje kunnskap. Ein går samstundes mot ei verd som ikkje er så fintfølande, åtvarar Vigdís.

Vigdís seier at det er dagens unge som har ansvaret for å ta vare på språket.

– Det handlar om å vekkja unge, seier ho.

– Ikkje snakk engelsk
Vigdís viser til at dei fleste skandinavane som er spurt seier dei forstår engelsk betre enn nabospråka, og trekk fram folk Færøyane som dei som har best språkforståing i Norden.

– Kanskje er det fordi har måtta kjempa for sitt eige språk? undrast ho, og minnar om at tospråklege er meir kompetente språkbrukarar.

– Som skandinavar skal ein snakka langsamt og tydeleg til kvarandre, ikkje engelsk, formanar Vigdís.

Krig og fred
Til forskjell frå resten av Europa er det ikkje så mange slott og minnesmerke her i nord som minner oss om historia.

– Me har ikkje prektige slott, men me har orda. Språket er slottet vårt. Det knyter band til historia, seier ho.

– Alt som me kjenner om verda er først tenkt på språk. Krig blir starta på språk. Gjennom bruken av språk gjennom forhandlingar kan me jamvel skapa fred, minner Vigdís om.

I 1986 var Vigdis president på Island då dei gamle fiendane Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov møttest for første gong til nedrustingssamtalar i Reykjavik. Var språket til hjelp?

– Først og fremst det at dei møttest var viktig. Dei snakka ikkje same språk saman. Når dei snakka saman var det gjennom tolkar. Då muren fall nokre år seinare, så feira ein det gjennom språket. Folk song!

LES OGSÅ: Norden satsar på kultur

Europa
Men no er det andre tider. Samhaldet i Europa står på prøve. Har EU undervurdert kor viktig språket er for identiteten til europearane?

– Dei har i alle fall ikkje overvurdet det, kjem det kjapt frå Vigdís, men legg til:

– Men det viktige er at Europa snakkar saman. Det er eit sant mirakel at det har vore fred i Europa dei siste 65 åra, seier 82-åringen med utdanning frå Sorbonne-universitetet i Paris.

– Språket er grunnlag for at ein kan finna fred saman. Til og med i draumane våre er det ord, seier Vigdís.

– Det er difor eg pleier eg sitera ein god ven som seier at orda er musikkinstrumenta til tankane våre.

LES OGSÅ: Å skrive nynorsk hevar språkkompetansen

Tettare nordisk samarbeid
– Trur du Island vil bli med i EU nokon gong?

– Nei, det kan eg ikkje seia noko om, ler ho.

– Kva med det nordiske samarbeidet?

– Det trur eg vil bli endå tettare i framtida. Me deler felles minner og språk. Utanifrå blir me sett på som eitt felles demokratiske forbilde. Samtidig har me ei samkjensle her i nord. Korleis framtida i EU ser ut veit eg ikkje, men eg er sikker på me i nord held fast på vennskapet og samarbeidet.

LES OGSÅ: Kva er det med islandsk litteratur?

Faktaboks

Vigdís Finnbogadóttir (fødd 15. april 1930) var den fjerde islandske presidenten og hadde embetet frå 1980 til 1996. Ho var den første demokratisk valde kvinnelege presidenten i verda.

«Goodwillambassadør» for UNESCO, med spesielt ansvar for å fremje språkleg mangfald, kvinnenes rettar og rett til utdanning.

Les meir på Wikipedia!