– Folk kjem alltid til å flytta på seg, same kor mange murar ein byggjer

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Folk kjem alltid til å flytta på seg

– Å kunne bevega seg fritt over grenser er eit privilegium ein vert fødd med, og som mange tek for gitt, seier Chibundu Onuzo.

26-åringen frå Nigeria flytta til England for å gå på skule allereie som 14-åring. Tolv år seinare har ho gitt ut to bøker og held på med ein doktorgrad ved King’s College i London.

I tillegg er ho skribent for britiske The Guardian. Hennar mest leste artikkel i etterkant av Brexit, då britane uroa seg for at det kunne verte vanskelegare for dei å kryssa grenser. At fleirtalet stemte for å gå ut av EU var like overraskande for 26-åringen som for resten av verda.

– For venene mine i England betyr ikkje visum noko. For ikkje-europearar er det eit mykje meir omfattande byråkrati ein må gjennom. Det er så lett for europearar å reisa, så de forstår ikkje korleis folk som ikkje er frå Europa tenkjer når dei nærmar seg ei landegrense, seier Onuzo.

LES OGSÅ: Regjeringa returnerte flest mindreårige asylsøkjarar til Afghanistan og Nigeria

Ho er likevel ikkje einige med dei som seier at globaliseringa har svikta og meiner at verda hadde vore ein fattigare stad om ikkje menneske, idear og mattradisjonar reiste.

– Tenk om ein skulle teke alt utanlandsk ut av Storbritannia. Då hadde me berre ete brød og vatn, smilar Onuzo, som er viss på dette:

– Folk kjem alltid til å flytta på seg. Det har ikkje noko å seia kor mange murar ein byggjer.

Verdas tredje største by i 2050
Chibundu Onuzo er i Oslo i samband med lanseringa av si andre bok.

I Welcome to Lagos møter lesaren sju kvinner og menn som alle rømmer frå noko, anten det er militære, ektefelle eller andre ting.

Med sine 21 millionar innbyggjarar er Lagos den største byen i Nigeria. Etter Kairo er det Afrikas nest mest folkerike område. Byen er eit økonomisk sentrum, men også ein by med store sosiale forskjellar. Onuzo og fleire med ho skildrar millionbyen som både fiendtleg og lovande. Om prognosane fram mot 2050 innfrir vil innbyggjartalet dobla seg og byen blir den tredje største i verda.

– Det beste med Lagos er energien, livet og kor opne folk er. Eg føler meg aldri avskoren frå folk rundt meg når eg er i Lagos, seier Onuzo.

Ho meiner at byen har fått ein slags renessanse med auka interesse for kulturen, den stadig aukande moteindustrien og ikkje minst byplanlegging.

Les om Afrikas «returnees», som skapar ei heilt ny folkegruppe!

Sjølvbevisst
I Welcome to Lagos håpar militærdesertørane Chike og Yemi å forsvinna i storbyen Lagos. På bussen møter Chike Ifeoma, som slitast mellom sine tradisjonelle verdiar og den harde verkelegheita med ein valdeleg mann. Religion, korrupsjon og ein stor sum pengar set dei sju hovudkarakterane på prøve.

På grunn av dei mange utfordringane som møter karakterane er forfattaren bevisst på at nigerianske lesarar kan føla at boka teiknar eit negativt bilete av landet.

– Me er definitivt sensitive når det kjem til korleis me vert framstilt utanlands, fordi det er mykje snakk om ting som svindel og Boko Haram. Men som kunstnar kan ein ikkje la seg påverka av det, så eg skriv om det som interesserer meg, forklarar Onuzo.

Sjølv om boka er fiksjon har ho latt seg inspirere av faktiske hendingar, nærare bestemt det som for ettertida har vorte kjent som Odi-massakren. Etter at fleire politimenn hadde vorte drept av opprørarar i området gjekk militæret inn i landsbyen Odi. Ifølgje avisa National Daily vart 2483 menneske drepne. I 2013 vart staten dømt til å betala erstatning for folkemordet.

Visste du at Niger og Nigeria er to ulike land? Erlend Skjetne skriv om kvifor geografi er nyttig.

Historielaust
Onuzo kan ikkje hugsa å ha lært historie på skulen i Nigeria. Faget er ikkje akkurat høgt prioritert av myndigheitene i heimlandet, der det nyleg vart ramaskrik då emnet vart fjerna frå pensum i skulen.

– Eg forstår ikkje tankegongen bak, men eg gjettar at dei ikkje vil at folk skal læra om kontroversielle ting, som borgarkrigen i Nigeria, spekulerer Onuzo.

Heldigvis valde utdanningsminister Adamu Adamu å setja historie inn att på elevane sine timeplanar.

Det synest Onuzo er både viktig og riktig, særleg sidan ho ser at religiøse og etniske splittingar er på veg tilbake i heimlandet.

– Om me ikkje snakkar om det, ser det ut som det skjer for fyrste gong kvar gong. Men me har vore her før, understrekar ho. Om ein ikkje veit kvar ein kjem frå, så skjønar du ikkje kvar du er på veg. Du forstår ikkje kvifor du er her og er dømt til å gjenta deg sjølv, seir Onuzo. 

LES OGSÅ: Alle svenske tenåringar får boka til Chimimanda Ngozi Adichie