Dubie Toa-Kwapong
Publisert
Oppdatert 02.08.2017 14:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei ny afrikansk folkegruppe

«Eg er så ghanesisk som kan bli. Min identitet har djupe røter her. Eg veit korleis å navigere livet her. Eg veit intuitivt kva som må gjerast og korleis eg må oppføre meg. Eg kan vere meg sjølv, tvers gjennom. Då eg budde i USA var eg alltid så usikker, så forsiktig. Eg flytta tilbake fordi Ghana er heime, enkelt og greitt.»

Dette svarte 32 år gamle Nii Tsatsu på spørsmålet om kvifor han flytta tilbake til heimlandet Ghana. Nii høyrer til ei voksande gruppe unge afrikanarar som dei siste fem til ti åra har flytta tilbake til kontinentet, som vel Accra, hovudstaden i det vest-afrikanske landet Ghana som destinasjon. Nokre av desse er fødd og har vakse opp i Europa eller Nord-Amerika, barn og barnebarn av vandrarar som forlèt Afrika i dei såkalla masseutvandringane mellom 1950-talet og 1980-talet, ein periode med politisk uro og økonomisk vanskar. Andre vandra ut på 1990- og 2000-talet for å studere ved vestlege universitet.

Frå september 2014 til mai 2016, studerte eg fenomenet av returmigrasjon i ein afrikansk, og spesifikt ghanesisk samanheng. Over to feltarbeidsperiodar studerte eg liva til femten kvinner og menn som tidlegare har budd i Vesten og som har flytta tilbake til Afrika. Desse vandrarane kjem frå mange forskjellige delar av det afrikanske kontinentet og vert kalla «returnees». Ghana er ikkje det einaste landet folk flyttar tilbake til. Men den kosmopolitiske ghanesiske hovudstaden, Accra, har blitt ein sentral lokalitet i Afrikas returmigrasjon. Ikkje alle returnees kjem frå Ghana eller har budd der før. Men etter mange år i den afrikanske diasporaen tolkar mange kontinentet som ein delt heimstad, og Accra som sin eigen heimby.

LES OGSÅ: Dette betyr Super Bowl-opprøret til Beyoncé

Teksta held fram under videoen:

Desse heimkomne «omstreifarane» spelar ei viktig rolle i å endre dei sosiale, økonomiske, og kulturelle dynamikkane både i  Ghana og resten av kontinentet. Nettserien «An African City», som er blitt skildra av New York Times som ein afrikansk Sex og Singelliv, viser til dette. Serieskaparen, ghanesiske Nicole Amarteifio, flytta tilbake til Accra frå New York og deler no tida si mellom dei to byane. Med serien vil ho vise ein representasjon av Accra, Ghana, og Afrika, som er meir nyansert enn dei stereotypiske temaa «krig, hungersnaud, og fattigdom.»

I den fyrste episoden av serien møter vi journalisten, Nana Yaa. Nana Yaa  er oppvaksen i USA og har flytta til Ghana for å busetje seg. Medan ho tolkar detter som ei heimvending, merkar ho allereie på flyplassen i Accra at for lokale ghanesarar er ho ein amerikanarar. Dette er ein kjend situasjon for mange returnees. I Vesten er dei utlendingar, uavhengig av kor lenge dei har budd der. Det er ofte kjensla av å ikkje høyre til som motiverer dei til å flytte «heim.»

Kojo Gramson fortalde meg om sine erfaringar med dette. Kojo vart fødd i London på 1970-talet. Foreldra hans hadde flytta til England for å studere. Då han flytta til Ghana som 30-åring, forventa han ikkje å kjenne seg utanfor. «I Ghana merkar eg kor mykje min britiske oppvekst har påverka meg og at eg på mange måtar er annleis frå andre ghanesarar.»

Mange returnees opplever det antropologar kallar liminalitet – det å opphalde seg i ein type rituelt grenseland. For Nicole viser dette seg i det at ho bur både i Accra og New York. For Kojo viser dette seg i hans multikulturelle identitet –  han er både ghanesisk og engelsk.

Då eg byrja prosjektet forventa eg å høyre ukompliserte og i stor grad positive historier om returmigrasjon til Accra. Det eg fekk var svært ulike og nyanserte erfaringar. Eg lærte at  konseptet «heime» kan vere svært komplisert for folk som veks opp utafor heimlanda til foreldra sine. For mange er målet med returmigrasjon å finne ut kor i verda dei høyrer til. Returnees finn sjeldan ein konkret heimstad. Men dei finn ofte ut er at dei høyrer til fleire stader og kulturar samtidig, og at dette kan vere ein svært spanande måte å eksistere på. 

LES MEIR: «Kva har vi her – ein gorilla»

*I september 2016, vann Dubie Toa-Kwapong prisen Nancy “Penny” Schwartz Undergraduate Student Essay Award frå The Association for Africanist Anthropology (AfAA) for stilen Alienation, (Re)integration or Something in Between: Return Migration to Accra, Ghana and Cultural Liminality*