Flest drepne av høg fart og førarfeil

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flest drepne av fart og førarfeil

Ein rapport om dødsulykkene på norske vegar viser at 208 personar mista livet i til saman 190 ulykker i fjor, skriv Stavanger Aftenblad.

Det er møteulykker og utforkøyringar som er dei mest vanlege ulykkestypane.

Sjølv om det i år ligg an til å bli det lågaste talet på omkomne i trafikken på 60 år, meiner vegdirektør Terje Moe Gustavsen at talet på dødsulykker må vidare ned.

– 208 trafikkdrepne i 2010 forsterkar trenden med stadig færre trafikkdrepne. Men det er samstundes 208 for mange, seier Gustavsen.

LES OGSÅ: – Avgrens fridomen til unge sjåførar

60 prosent av dødsulykkene kan forklarast med dårlege sjåførar, medan i 40 prosent av ulykkene var høg fart ein medverkande årsak.

– Farten må ned. Folk må bruke tryggleiksutstyr. Vi vil halde fram arbeidet med midtrekkverk for å hindre møteulykker. I tillegg må vi arbeide systematisk med å utbetre faktorar knytt til vegmiljøet for å gjere utforkøyringsulykker mindre fatale, seier Gustavsen.

I to av ti dødsulykker i 2010 var føraren påverka av alkohol, narkotika, medikament eller kombinasjonar av desse. (©NPK)