– Avgrens fridomen til unge sjåførar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Unge menn bør ha avgrensa fridom

Det meiner stortingsrepresentant i transportkomiteen, Susanne Bratli (Ap). Bratli vil ha eigne tiltak for desse sjåførane, for å få ned talet på ulukker.

– For i kvar femte dødsulykke i trafikken er det ein ung mannleg sjåfør som køyrer bilen, seier Bratlie til NRK.

Difor vil stortingsrepresentanten no setja inn særtiltak mot unge menn mellom 18 til 24 år for å få ned talet på ulykker. Bratli ønskjer eit prøveprosjekt med fartssperre, alkolås og ei gradvis utviding av førarretten.

– Det vil seia at bilførarane ikkje får køyra med passasjerar med det same dei får førarkort, og heller ikkje får køyra når det er mørkt. Det er jo den type tiltak som ekspertar og forskarar meiner vil fungera, seier ho.

Forslaget skapar debatt
Kommunikasjonssjef Inger Elisabeth Sagedal i Norges Automobil-Forbund (NAF) er usamd i forslaget.

– Det vil gje liten effekt, og det blir også feil å laga mange restriktive tiltak for ei gruppe som vi ønskjer skal få trening på vegane og ha rette haldningar, seier ho.

Sagedal meiner betre vegstandard, sikrare bilar og haldningskampanjar er vegen å gå.

LES OGSÅ: – Bilen må ta rattet frå menneska

Trafikkforskar Marianne Nordtømme ved Sintef meiner det derimot kan vera fornuftig å nekta unge sjåførar å ha passasjerar og å køyra i mørket.

– Ja, i USA er det eit utbreidd system. Unge nye førarar har eit gradert førarkort der dei mellom anna ikkje får ha med passasjerar eller lov å køyra om natta. Det har vist seg å ha ein positiv effekt ifølgje dei studiane som er gjort der, seier ho til NRK.

Misforstått fridom
Susanne Bratlie meiner argumentet om avgrensa fridom i trafikken er misforstått.

– Fridom er ikkje å køyra som du vil når du er ute på vegen. Fridom er for oss alle saman å kunna kjenna at vi er trygge i trafikken, seier Bratlie, som tysdag la fram fleire av forslaga til trafikksikringstiltak for samferdselsministeren. (NPK)

Kva meiner du om forslaget om å innføra alkolås, fartssperre og forbod mot å køyra om natta og med passasjerar?