Færøyane let sauen gjera jobben til Google Street View: Sheep View

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sau lagar «Google Street View»

The Guardian skriv om den noko merkelege kampanjen. Eller gir dette eigentleg fullstendig meining?

Færøyane, som har fått namnet sitt etter kor mykje får, eller saus, det er på øyane, har lenge venta på at Google skal senda bilen med kamera på toppen opp på øyene for å laga fullstendige kart i Street View. Då dei vart lei av å venta, tok dei saka i eigne hender og sette sauene på saka.

Les også: Er sauen eigentleg ein superhelt? Det meiner biolog Anna Blix. Ho ser mange måtar sauen kan redda verda på.

Sheep View 360 heiter prosjektet, som er leda av turistkontoret Visit Faroe Islands. I videoen under kan du sjå litt av det sauen har kartlagd – i 360 grader.

Bruk hjulet i venstre hjørne til å styra kor du vil sjå om du sit på ei datamaskin:

– Færøyane har nokre av dei vakraste vegane i verda, men det er eit problem. I motsetnad til nesten alle andre stader i Europe, finst me ikkje i Google Street View. Færøyane kan vera røft og langt unna, men denne samlinga av 18 øyar nord i Atlanterhavet byr også på nokre av dei mest magiske landskapa i verda, skriv Durita Dahl Andreassen i si pressemelding/opne brev til Google.

Dei ser likevel svakheiter med prosjektet – sauane er gode på å filma åsane og villmarka, men ikkje like stødige på bilveg. Derfor ber dei Google om å skunda seg.

–  No treng eg hjelp. Sauene mine er kjempegode til å filma stiar og fjellruter på Færøyane, men for å få oversikt over alle vegane og landskapet, må Google komma og kartlegga dei, skriv Andreassen.

På Færøyane bur det i dag rundt 49.000 menneske og 70.000 sau.

Les meir:

Færøyane har meir å by på enn sau, fugl og små glimt av sol, ifølgje forfattaren som vart forelska i både folket og øyane.

Me møtte «black-packers» – turistar som kjem til Noreg for å oppleva ekte svartmetall. Dei vart skuffa då. Her kan du lesa kvifor.