Skuffa black-packers i Noreg

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ville sjå ondskap i Noreg - blei skuffa

Norsk black metal er stort ute i verda. Mange reiser til Noreg for å sjå landet der musikken dei elskar har vorte skapt. VisitNorway skriv at hordar av fans kjem til Infernofestivalen kvar påske, og at eigne sightseeingbussar har vore satt opp til viktigte stader i og rundt Oslo. I Italia skal det eksistere eigne norskkurs for italienarar som vil lære seg kva black metal-tekstane tyder.

Dokumentaren «Blackhearts» handlar om tre av desse fansa, frå Iran, Hellas og Colombia. Dei tre har på førehand danna seg eit bilete av Noreg frå albuma dei elskar.

LES OGSÅ: Kårar beste Bowie-låt på nynorsk

Regissør Fredrik Horn Akselsen seier spøkefullt til VisitNorway at dei kallar desse turistane «blackpackers». I filmen følgjer han dei tre fansa på reise til Bergen, Oslo og Trondheim. Mykje av spaninga, også det komiske, oppstår i det dei tre kjem til Noreg og oppdagar at landet ikkje stemmer heilt med forventingane.

Medan black metal-scena skapte kontrovers med kyrkjebrenning, drap og sjølvmord på 90-talet, er scena i dag i stor grad blitt langt meir mainstream.

Det har ikkje alle fått med seg.

– Enkelte fans har jo ein radikal draum om at Noreg er eit slags okkult paradis, eit mekka for «det onde», liksom. Også kjem dei hit og møter bandmedlem som jobbar på SFO eller sagbruket, får statsstøtte og har vore med i Melodi Grand Prix, seier regissøren til VisitNorway.

Sjå den offisielle trailaren her!


Video av Gammaglimt.

Blackhearts har premiere på VGTV i Noreg, og internasjonal premiere på CIMMFest i Chicago 15. april.

LES OGSÅ: Metall-misjonærane byter ut Satan med Gud