Elbilar er pengesluk for ferjeselskapa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pengesluk for ferjeselskapa

– Me har sett ein auke i talet på elbilar på ferjene våre. Han har vore gradvis, men særleg sterk frå 2013 til 2014. I fjor frakta me 11.000 elbilar til og med september. I same perioden i år vart det 38.000 bilar, seier Ivan Fossan, administrerande direktør i Norled, til Nynorsk pressekontor.

Elbil-politikken til styresmaktene ser ut til å fungera. Mange lèt seg freista av føremoner som fritak frå både moms og bompengar, låg årsavgift og gratis offentlege ladestasjonar. På berre eit år er talet på elbilar på vegane meir enn dobla.

LES OGSÅ: – Elbilar må subsidierast annleis

Mykje å spara
For folk i vestlandsfylka er gratis ferjetransport kanskje den aller største gulrota. Elbileigarar betalar berre persontakst, og pendlarar kan spara tusenvis av kroner kvar månad på å køyra elektrisk. Elbilsalet i vest har auka veldig den siste tida. I sommar passerte talet på el-doningar 5000 berre i Hordaland. Rogaland har kring 3400 og Møre og Romsdal i overkant av 1000, ifølgje Stavanger Aftenblad.

Det er godt nytt for klimaet og luftkvaliteten. For ferjeselskapa byd utviklinga derimot på problem. Dei må sjølve ta tapa for den stadig større mengda «gratispassasjerar» dei fraktar.

LES OGSÅ: Byggjer Noregs råaste elbil

Vil ha kompensasjon
I september gjekk reiarlaget Fosen Namsos Sjø ut i Bergens Tidende og kravde kompensasjon frå styresmaktene. Reiarlaget driftar mellom anna ferjesambandet Hufthamar-Krokeide mellom Austevoll og Bergen, der elbiltrafikken dei første sju månadene i år auka med 215 prosent samanlikna med same tidsrommet i fjor.

Ivan Fossan i Norled er samd med konkurrenten.

– Me er ikkje imot elbilar, men eg meiner det er urimeleg at me som private selskap skal ta ansvar for offentleg miljøpolitikk. Her må styresmaktene ta ansvar og kompensera oss for dei tapte inntektene, seier han.

Fossan fortel at det er ferjestrekningane nær byane som er mest belasta, til dømes den mellom Stavanger og Tau. Han har ikkje konkrete tal på kor store tap elbiltrafikken vil påføra selskapet i år, men seier det dreier seg om millionar.

– Me sende krav til nokre av oppdragsgjevarane våre i fjor, mellom anna eit på ein halv million kroner til Rogaland fylke. Det har me berre fått beskjed om at er til handsaming. Det er klart at når elbil-trafikken vert meir enn tredobla, vert tapa våre det same, seier Fossan.

LES OGSÅ: Vil starte miljøløft i Hordaland

Ante ikkje omfanget
Seniorrådgjevar Tor Midtbø i Samferdsledepartementet opplyser i ein e-post til Nynorsk pressekontor om at ferjeselskapa har inngått kontraktar om drifting av ferjesamband etter dei gjeldande reglane, og han opnar ikkje for at staten kan kompensera for tap som følgjer av desse. – Det er korrekt at me var klar over at elbilar skulle reisa gratis då nokre av kontraktane vart inngåtte i 2008 og 2009. Men me visste ikkje då at omfanget av elbiltrafikken ville bli så stort, seier Fossan.

Han påpeikar at fleire nye insentiv har kome til i etterkant. Mellom anna vart det i klimaforliket frå 2012 garantert at føremonene ved å køyra elbil skal gjelda iallfall til 2017, så sant talet på elbilar ikkje overstig 50.000.

LES OGSÅ: Med bismak av klimagass

Vil sjå tal
Generalsekretær Cristina Bu i Norsk elbilforening, er glad for at fleire vel elbil. Samstundes ser ho at veksten kan skapa vanskar for ferjeselskapa.

– Dersom det er ferjestrekningar der selskapa kan visa til reelle tap, bør staten kunna gå inn og kompensera. Men her vil eg gjerne utfordra dei til å leggja fram nøyaktige tal. Det er ikkje sikkert dei faktisk taper pengar, dersom dei har ein generell vekst i trafikken, seier ho til Nynorsk pressekontor. (©NPK)