– Elbilar må subsidierast annleis

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Elbilar må subsidierast, men måten det skjer på i dag, blir feil, seier Bård Nordheim.

Han leier Urbanet, eit selskap som lagar analyser for bytransport og kollektivtransport for blant anna regjeringa, seier til Aftenposten at det ber gale av stad med dei samla økonomiske fordelane. Særleg gjeld dette i og rundt Oslo.

LES OGSÅ: Byggjer Noregs råaste elbil

Ifølgje Nordheim taper kollektivpendlarane stort, ikkje minst mot dei som køyrer den sterkt subsidierte elbilen Tesla. Kvar kollektivtrafikant i Oslo blir subsidiert av staten med 6.000 kroner i året.

Forskaren saknar ein diskusjon om det er mogleg å subsidiere elbilar utan at det øydelegg for det viktigaste målet – å få ned biltrafikken inn til sentrum. Han meiner derfor det er nødvendig å kutte ut fordelar som gratis bomstasjon, gratis parkering og køyring i kollektivfeltet.

– Dei stimulerer alle til auka bruk. Og det er ingen grunn til å subsidiere store elbilar meir enn små. Dersom eitt beløp hadde blitt gitt flatt til alle som kjøper elbil, ville det auka salet av små elbilar framfor store. Det er god miljøpolitikk, meiner han. 

LES OGSÅ: Tesla deler på teknologien