Eksplosjon i forhold til fokus

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«I forhold til» blei brukt 31.505 gonger i norske riks-, region- og lokalaviser på papir i 2012. Det viser eit søk hjå medieovervakingstenesta Retriever. Det er ein auke på over 11.500 gonger i forhold til året før. Og uttrykket er neppe brukt rett alle gongene.

2012 er også toppåret for «fokus». Då blei ordet brukt 26.309 gonger, over 9000 gonger meir enn i 2011.

LES OGSÅ: – Alvorleg med ulovleg statskvitring

– Virus
Det er særleg etter 2007 det tek av for «i forhold til» og «fokus». I 2007 blei fokus brukt 3844 gonger. «I forhold til» blei bruk 5903 gonger.

– Viruset «i forhold til» spreier seg og trenger inn i skrift og tale. Det skjer utan at språkbrukaren sjølv veit om det. Viruset er så viseleg innretta at sjølv mottakarane ikkje legg merke til at dei blir eksponert for det, skreiv Karsten Kragh Langfeldt, spesialrådgjevar i Psykologforeningen, allereie i 2011.

Våre øvste folkevalde ser òg ut til å vera smitta av dette viruset. På Stortinget blei «i forhold til» brukt 1132 gonger i 2012. Det er likevel langt mindre enn 2010, då uttrykket blei brukt 1563 gonger.

Og det er etter at referentane på Stortinget eventuelt har retta på språket deira.

LES OGSÅ: Språkrådet lagar svada

Har starta aksjon
Jan Olav Fretland, førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, manar no til kamp mot feil bruk av «i forhold til» .

– No må det gjerast noko. Me må strypa dette uttrykket «i forhold til». Me kan ikkje sitja i ro og høyra på at språket vårt blir utvatna og utydeleg fordi dei fleste, iallfall ordførarar og rådmenn og statssekretærar og stortingsrepresentantar, seier «i forhold til» i annakvar setning, skreiv han på nettsidene til Landssamanslutninga av nynorskkommunar onsdag.

Fretland seier til Framtida.no at aksjonen hans byrjar å breia om seg. No er han spent på korleis det vil utarta seg i fylkestinget i Sogn og Fjordane. Sist fylkestingsmøte meiner han å ha høyrt ei form for hikking blant representantar som tok seg i å bruka uttrykket.

– Det viser seg å vera ei tung bør ein får på seg om ein byrjar å bruka det.

LES OGSÅ: Banning fungerer ikkje lenger

Jan Olav Fretland meiner «i forhold til» spesielt er smittsamt blant politikarar, som ofte treng tankepausar for å få høve til uttala seg passande uforpliktande.

– Kvifor bør ein unngå feil bruk av «i forhold til»?

– Det er av same grunn som all tanketom utviding av språket. Då bruker ein språket til å ikkje nå fram.

Har du tips til saker å skriva om språk? Eller andre nyhendetips? Ta kontakt!

Faktaboks

Språkrådet har laga desse forholdsreglane i kampen mot ”i forholds til”-viruset:

1. Bruk ikkje «i forhold til» dersom det ikkje er forhold du snakkar eller skriv om. Uttrykket «i forhold til» betyr i de fleste tilfeller «samanlikna med». Svært mange brukar det i utide.
2. Meld frå når andre bruker «i forhold til» feil.
3. Vis respekt for tradisjonelle preposisjonar og uttrykk. Som regel er det best å bruka ein preposisjon, «når det gjeld» eller «med tanke på».
4. Ver rusta mot forholdismen, sjølv i korte tekstar. Skal du delta i eit møte, ta alltid med blyant og papir og det utstyret som situasjonen krev.
5. Lytt til erfarne språkfolk. 
6. Bruk ordbøker og hjelpemiddel.
7.
Husk at du ikkje er åleine. Det er mange andre som strevar, og det er mange andre som irriterer seg.
8. Snu i tide. Det er ingen skam å bruka ein preposisjon.
9. Spar på kruttet, men slå alarm om nødvendig. Du kan for eksempel kjøpa eit sykkelhorn og klemma i veg kvar gong nokon seier «i forhold til».

Les meir utfyllande her!