Språkrådet lagar svada

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innholdet er allerede ferdigtygd. Tidstypiske ord og uttrykk sørger for at formen alltid passar. Taler, stortingsmeldingar, notat eller strategidokument? Ikkje noko problem! Lat svadageneratoren gjere jobben for deg! lovar Språkrådet.

Svadageneratoren vår er sjølvsagt ikkje eit forsøk å hjelpe folk til å spreie svada. Tvert imot, han skal vise folk kor meiningslaust språket lett kan bli når ein ukritisk dyngjer på med flosklar. Dette er altså humoristisk og ironisk meint, seier Aud Anna Senje, rådgjevar i Språkrådet.

Svada, eller tomme ord, fraser eller ordgyteri, som Wikipedia definerer det til, har vorte eit problem for mange i Noreg i dag.                                                                                                                                                                                                                                                                                   

Gunnar Krogh-Tonning, karriererådgjevar, hevdar på nettsida Digi.no at stillingsannonser og jobbsøknadar trengst å endrast. Når folk byrjar med å skrive at dei har «sterke kommunikative eigenskapar» i staden for at dei kan snakke for seg, og «beherskar å arbeide både mot toppleiing og lågare nivå» i staden for for eksempel at dei er godt likt av alle, blir det fort lett å vikle seg inn i ei informasjonsutveksling ingen av partane kan forstå.

– Eg tykkjer vi får altfår mykje svada: banale, uspesifikke, politisk honnørord når vi bed leiarane våre om å forklare kva dei ønsker, skriv rettspsykiater Randi Rosenquist i Aftenposten.

Om ingen skjøner kva du snakkar om, eller om det ikkje finst noko substans i det som blir sagt, er det vanskeleg å kritisere deg for det.

– Offentleg verksemd er omfattande. Det er alle stadar eit administrativt byråkrati som må snakke samme språk, eller i alle fall forstå det språket som fagpersonane i verksemda har. På samme vis kan ein ikkje vere fagidiot og ikkje halde seg til de administrative rammene. Den kulturkløfta som idag ligg mellom desse to delane av verksemda kan vere heilt drepande for vidare utvikling.”

Prøv svadageneratoren no!