Ebola-pasientar kurert

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den amerikanske legen Kent Bradley vart lagt inn på sjukehus i Atlanta, USA med ebola. I dag gjekk han ut, lett i steget og kurert. Misjonæren Nancy Writebol (60) er visstnok og kurert.

Det skriv blant andre ABC Nyheter.

– I dag er ein mirakuløs dag, sa Bradley, tydeleg rørt av situasjonen.

LES OGSÅ: Ebola hindrar hjelp

Dødeleg
Ebola-epidemien som herjar i Vest-Afrika no har sidan mars smitta 2400 menneskjer og drept 1350, ifølgje WHO. Tala gjeld Liberia, Guinea, Sierra Leone og Nigeria.

Ebola er ein av dei dødelegaste sjukdommane me har – mellom 50 og 90 prosent som får sjukdommen døyr, og forskarar har jobba på spreng for å finna ein fungerande kur sidan utbrotet starta.

LES OGSÅ: Ebola-utbrotet er ei internasjonal krise

Aldri prøvd
Ifølgje Science Alert fekk både Bradley og Writebol behandlinga ZMapp, som aldri har blitt testa på menneskjer før, og som berre finst i små mengder. Nettsida legg og til at sjukehuset ikkje er heilt sikre på at det faktisk er denne behandlinga som har kurert Bradley og Writebol, ifølgje BBC.

LES OGSÅ: Ei verd, ei helse