Ebola hindrar hjelp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert hos Ryfylke

– Eg flykta ikkje frå noko som helst. Det er trist at eg måtte forlate eit land i krise, slår Sigbjørn Solli Ljung fast.

LES OGSÅ: Ebola er ei internasjonal krise

Brå slutt
Han har vore tilsett som Child Protection Officer i eit av UNICEF sitt utviklingsprogram i Monrovia, Liberia. Den toårige arbeidsperioden fekk ein brå slutt på opphaldet i det vest-afrikanske landet.
– Eg skulle ha slutta 15. august, men måtte dra to veker før. Frykta for ebola gjer at det er vanskeleg å forlate Liberia, og eg var redd eg ikkje skulle kome ut, forklarar Solli Ljung alvorleg.

LES OGSÅ: Spreke born, smarte born

Starta med ebola-trening
Når han vart hindra i å utføre jobben sin, starta han i staden med ebola-trening.
– UNICEF er dei som er best på informasjon. Eit av dei største problema med viruset er at folk ikkje er informerte, er feilinformerte eller ikkje trur på det dei høyrer. Nokon trur det er noko regjeringa har sett i gang, og andre trur det er ei straff frå gud, fortel Solli Ljung, som er sikker på at ein liknande situasjon i Noreg fort ville ha kome under kontroll.

LES OGSÅ: Rapport: Elevar må retta på nynorsken til lærarar

Magi og amulettar
Eit problem er at fleire prestar og imamar har fortalt truande at dei ikkje vert smitta så lenge dei er velsigna, eller at folk trur dei vert beskytta ved hjelp av «magiske» gjenstandar og amulettar.
– Eg starta med undervisning om sjukdomsførebygging, men på grunn av samlingsforbodet måtte me stoppe det óg, seier han trist.

LES OGSÅ: Den vanskelege jentetissen