Direkte tale utan avlytting

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I haust skal Nordre Buskerud, Vestfold, Telemark og Agder ta i bruk det nye naudnettet. Då nyttar det ikkje for mannen i gata å lytte til kva som går føre seg på kommunikasjonskanalane.
– Det er eit hundre prosent avlyttingsfritt nett. Systemet er lukka og det skal omfatte alle naudetatane. Men brannvesena er fyrst ute, forklarer kursleiar, utrykkingsleiar og sambandsleiar i Tokke brannvesen, Torgeir Jensen.

LES OGSÅ: Vis brannvett – ute som inne

Sikrare nett
Han peikar på at viktige føremoner med lukka nett er at sensitive opplysingar kan formidlast direkte. Det kan spare viktig tid meiner Jensen.
– Den nye radioen, eller terminalen som han eigentleg heiter, gjev oss mange føremoner. Mellom anna kan me nytte apparatet som ein vanleg mobiltelefon, og me kan bruke det som walkietalkie. Er det dårleg dekning kan me bruke apparata som repeater. Det vil kort fortalt seie at rekkjevidda blir større, forklarer Jensen, som også har ansvaret for å lære opp brannvesenet i nabokommunen Vinje.
I vekene fram til dei tek i bruk naudnettet for ordentleg, skal dei øve og lære seg den praktiske bruken av apparata.
– Opplæringa går i stor grad ut på å lære prosedyrar og sjølvsagt praktisk bruk. Det er nokre nye punkt som gjer at me må lære oss eit litt annleis handlingsmønster. I utgangspunktet var eg nok litt skeptisk til å ta i bruk systemet, men etter å ha testa det ei tid, har eg absolutt skifta meining, vedgår Jensen.

Utprøva system
Det er tre supebrukarar i Vest-Telemark. Jensen er ein av dei, medan dei to andre held til i Seljord. Superbrukarane har tidleg fått opplæring i systemet.
– Systemet er godt utprøva. I Oslo har dei bruka det i lang tid. Eg er imponert over kvaliteten når det gjeld lyd. Tydeleg tale er viktig og kan spare naudetatane for mistydingar og dermed spare livsviktig tid. Terminalane gjev også brukarane, også dei som ikkje er på vakt, høve til å bekrefte om dei er i nærleiken når alarmen går, eller om dei er meir enn ti minuttar unna. Det er viktig informasjon ved utrykking, peikar Jensen på.

Tryggare for alle
Det er staten som betalar det nye utstyret og dei nye basestasjonane som er sett opp. Brukarane må betale konsesjonsavgifta.
– Kan du seie meir om kva det nye systemet betyr for publikum?
– Å kommunisere på tvers av etatane utan å tenkje på at me kan bli avlytta, gjer at me i større grad kan førebu oss betre ved utrykking. I bilane har terminalane navigasjonssystem. Det er også til stor nytte. I det heile ser eg berre føremoner for alle partar, svarer Jensen.

Saka var først publisert i Vest-Telemark Blad.