Vis brannvett – ute som inne

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 2014 har vore prega av mange store brannar, som har skada både landområde, hus og teke menneskeliv. Her får du råda frå ein brannmann og forsikringsagent om korleis vere føre var.

LES OGSÅ: Flygande lyslykter kan bli forbode

Fælt rekordår
I løpet av dei tre første månadane i år vart det utbetalt 840 millionar kroner i brannerstatning til private hytter og bustadar. Den rekordhøge summen er heile 26 prosent meir enn same periode i fjor, ifølgje Finans Norge.

Etter katastrofebrannen, som øydela fleire heimar i Lærdal i januar og den store Lyngbrannen i Flatanger, har det denne våren og sommaren vore ei rekkje større og mindre skogbrannar over heile Vestlandet, som følgje av tørt vêr.  

Menneskeskapt eld
Mange folk nyt det fine sommarvêret til teltliv anten det er på festival eller i fjellheimen.

Mellom 15. april og 15. september er det generelt bålforbod i utmark. Det betyr at ein må søkje brannvesenet om ein vil gjere opp open eld.

Uforsiktig omgang med eld, er den vanlegaste årsaka til skogbrann. Heile ni av ti skogbrannar skuldast menneskeleg aktivitet, ifølgje Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Andre årsakar kan vere gnist frå jernbane eller kantslått, eller lyn, som er den einaste naturlege kjelda til skogbrann.

Sjå oppdatert skogbrannvarsel her.

Steng gassen!
I teltleiren nyttar ein gjerne kokeanretningar med raudsprit eller propangass.

Håvard Halvorsen i Nord-Aurdal brannvesen oppmodar alle til å slå av kokeapparata om natta.

– Med mindre det er 25 minusgrader skal ein slå av, elles skal ein ha fyringsvakt, seier branninspektøren, som var tilstades under Vinjerock-festivalen for å kursa friluftselskarar i brannvern.

Gass er ein skummel ting, sjølv utan open eld. Propangass er i seg sjølv ikkje giftig, men han fortrenger oksygen, og det er difor stor kvelningsfare.

Gassen er i utgangspunktet luktfri, men er tilsett ei lukt som kan minne om råtne egg. Kjenner ein ei slik lukt er det viktig å kome seg ut, lufte godt – og for all del ikkje gjere opp eld. Då kan teltet vere overtent på kort tid.

Ein gassbeholdar kan òg eksplodere, dersom han vert kraftig oppvarma eller får ein bulk som set i gang kjemiske reaksjonar.

– Gass bør oppbevarast utandørs eller i ein godt ventilert utebod. Å ha det i kjellaren er fy-fy, slår Halvorsen fast.

LES OGSÅ: – Nett som bensin


Under kontrollerte forhold vert ein gassbehaldar sprengt.

Teltfare
Eit anna telttips er å ikkje fyre opp primusen  i teltopninga.

Halvorsen ser ofte denne feilen, noko som er alvorleg då einaste fluktvegen vert blokkert.

– Dersom det tek fyr i eit telt, går det ufatteleg mykje raskare enn i eit hus, åtvarar Christian Blix-Nilsen i Gjensidige Valdres.

Bedrifta hans har sponsa sløkke- og opplæringshengaren, som brannvesenet nyttar for å demonstrere 

Tek teltet fyr må ein ha kniv for å kutte seg ut.

Brannteppe er eit enkelt sløkkingsmiddel ein kan ha med på tur, då eit pulverapparat vert for stort og tungt. Slik kan ein kvele mellom anna oljebrannar, som ikkje let seg sløkkje med vatn.

 LES OGSÅ: Brannen i Lærdal og eldsjela

Pulverapparatet
Kor lenge er det sidan sist du sjekka pulverapparatet ditt heime?

I norske heimar er det viktig at ikkje pulverapparat står og støvar ned. Desse skal sjekkast årleg ved at du løfter tanken opp ned og høyrer etter ein rislande lyd, i tillegg skal pila på trykkmålaren peike på det grøne feltet.

I tillegg til denne årlege rutina, skal apparatet til kontroll kvart femte år og på service kvart tiår.

Skumapparat er i ferd med å ta over for pulver, og anbefalast fordi det gjer mindre skade.

Ikkje nattlading
Og når du går ut på tur i sommarvarmen bør du ikkje setje på verken oppvask- eller vaskemaskin, sjølv om det er freistande å kome heim til nyvaska klede.

– Ein bør vere tilstade og vaken, når ein har på desse apparata, understrekar Blix-Nilsen, som meiner folk kunne vore enno meir forsiktige når det kjem til brannfare.

Bustadbrannar som tek liv oppstår som oftast om natta.

Opp mot halvparten av brannane der årsaka er kjent, skuldast feil på det elektriske anlegget.

Elektriske dingsar kan vere svært brannfarleg. Difor bør ein dra ut støpselet til tv-en når ein legg seg og vere forsiktig med laptop i senga, som kan gå varm.

Og kanskje den synda som aller flest av oss gjer:

– Ein bør ikkje lade mobilen om natta, oppmodar forsikringsagenten, som sjølv berre ladar på dagtid.


Dei færraste har med pulverapparat på tur, men det er viktig å sjekke apparatet heime.