Difor bør du ta opp maks studielån

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei aller fleste studentar finansierer studietida si med lån. Klarar du å studera på normert tid, vil 40 prosent av lånet bli omgjort til stipend.

Nokre studentar vel likevel å ikkje søkja om lån. Kanskje jobbar dei så mykje i staden, at dei klarar seg utan lånet. Ifølgje ein artikkel i ABC Penger kan det likevel løna seg å ta opp maks lån.

Du får fleire fordelar med studielånet som du ikkje får med andre lån. Her er fire av desse:
•  Det er rentefritak under studietida.
•  Låna blir gjeve utan tryggleik, og tar difor ikkje opp «panteplass». Då slepp du å ta opp lån som blir dyrare.
•  Låna har også ei innebygd gjeldsforsikring, som dekkjer både død og uføre. Denne er også verd ein god del.
•  Du er sikra rentefritak ved for eksempel sjukdom og arbeidsløyse med varigheit over tre månader

LES OGSÅ: Studielånet er så mykje mindre verdt

Det er likevel viktig at du ikkje fører til at du brukar meir pengar enn du elles hadde gjort. Får du pengar til overs, er det berre til å setja dei på høgrentekonto.

ABC Penger rådar deg også til å utsetja utbetalinga lengst mogleg. Sidan lånet er det billegaste du har, er det betre å betala ned andre lån – anten det er til bil eller bustad.