Claire og Frank Underwood har lik løn

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Claire og Frank har lik løn

Ifølgje ein FN-rapport frå 2014 vert kvinner sjeldan framstilt som sterke sjefar, politikarar eller forskarar på film. Dei er òg underrepresentert både framfor og bak kamera.

Såleis skil serien House of Cards seg ut.

– Det var dei perfekte rammene. Det er veldig få filmar eller tv-seriar der mannen, patriarken, og kvinna, matriarken, er likestilte. Det er dei i House of Cards.

Skodespelar Robin Wright fortalde på eit arrangement tysdag om korleis ho gjorde krav på same løn som motspelar Kevin Spacey.

LES OGSÅ: Disney-heltinnene snakkar mindre enn gutane

Ulik løn for maktparet
I tillegg til å spela ei av hovudrollene i serien er Wright produsent og har regissert nokre episodar.

I 2014 meldte Buisness Insider om at Spacey håva inn ein halv million dollar per House of Cards-episode. Løna har auka endå meir sidan den gong.

På fjorårets Forbes-liste over dei best betalte tv-skodespelarane hamna Spacey på 15. plass med 9,5 millionar dollar. Wright derimot måtte nøya seg med ei inntekt på 5,5 millionar dollar – noko som gjer ho til den fjortande best betalte kvinna på skjermen.

Sjå trailer for fjerde sesong av House of Cards:

LES OGSÅ: Feminisme-testen

Betre i tv-bransjen
Wright fortalte ifølgje Huffington Post at ho fann statistikk som tyda på at hennar karakter i periodar var meir populær enn hovudperson Frank Underwood. Dette tok ho med seg i lønsforhandlingane med produsentane.

Lønsgapet i den amerikanske tv-bransjen er på veg til å tetta seg. I dag tener kvinnelege tekstforfattarar i den amerikanske tv-bransjen 93 prosent av løna til sine mannlege kollegaar, ifølgje ein ny rapport frå Writers Guild of America.

I filmbransjen, der lønsgapet tradisjonelt har vore større, er utviklinga derimot motsatt. Der tener eit utval kvinnelege forfattarar 68 prosent av løna til sine mannlege kollegaar. Det er ein nedgang på heile ti prosent frå 2012, då kvinnene tente 78 prosent av det mennene tente.

I filmstaten California tener kvinner i snitt 84 prosent av løna til ein mann. Men om staten får viljen sin, kan desse forskjellane snart bli historie. Frå og med 1. januar i år vart det innført ei ny lov som skal sikra rettferdig løngjennom at arbeidsgjevarar må rettferdiggjera lønsforskjellar mellom kjønna.

LES OGSÅ: Katniss Everdeen banar veg for heltinner

Lawrence for likeløn
Likeløn i Hollywood er med andre ord eit heitt tema om dagen.

I fjor haust skreiv Jennifer Lawrence eit innlegg i det feministiske nyheitsbrevet Lenny Letter.

«Kvifor tener eg mindre enn mine mannlege med-stjerner?» spør Lawrence.

Eit hackerangrep på Sony avslørte eit betydeleg lønnsgap mellom dei kvinnelege og mannlege skodespelarane i den Oscar-nominerte American Hustle. I tillegg fekk Amy Adams og Jennifer Lawrence sju prosent av filmens inntekter i bonus, medan Christian Bale, Jeremy Renner og Bradley Cooper fekk ni prosent.

LES OGSÅ: «Har me nokon gong sett ein kvinneleg antihelt?»

Lawrence and the ladies
Ein skodespelar får løn både etter arbeidsmengd og staus.

Lawrence er i dag verdas best betalte kvinnelege skodespelar. Ho tente heile 52 millionar dollar frå juni 2014 til juni 2015. At ho i tillegg kjem på åttande plass på Forbes si liste over mest lønsame skodespelarar, seier litt om populariteten til filmane hennar.

Tre gonger Oscar-vinnar Meryl Streep har òg fortalt om korleis ho får mindre betalt enn sine mannlege kollegaar.

Det same gjeld Gwyneth Paltrow. I Iron Man-filmane speler ho mot Robert Downey Jr., som med sine 80 millionar dollar i løpet av eitt år er verdas best betalte skodespelar.

Då Patricia Arquette i fjor fekk Oscar for beste kvinnelege birolle, tok ho opp likeløn i takketalen: 

LES OGSÅ: Frozen – farleg for menn?

Overbetalte Depp
Men Scarlett Johanson, som tente 35,5 millionar dollar og var den nest best betalte kvinnelege skodespelaren på fjorårets Forbes-liste, har litt ekstra grunn til å vere nøgd.

Ho fekk nemleg same løn som motspelarane Chris Hemsworth og Chris Evans for rolla si i Avengers: Age of Ultron.

Evans toppar lista over dei mest innbringande skodespelarprestasjonane i 2015, følgt av Mila Kunis og Johansson på ein tredjeplass.

Forbes lagar òg lister over verdas mest overbetalte skodespelarar, der dei samanliknar løna med kor store summar filmane deira speler inn. I fjor trona Johnny Depp øvst på lista, framfor ni andre mannlege kollegaar.