Frozen – farleg for menn?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er Frozen farleg for menn?

Frozen, eller Frost, som den heiter på norsk, vart ein enorm suksess for Disney då filmen kom ut i 2013. Ikkje berre tente den inn gode pengar på billettsal, fekk Oscar for beste animasjonsfilm, og ga alle sangen «Let It Go» på hjernen – Frost fekk òg mykje skryt for å endeleg levera sterke, sjølvstendige kvinnelege karakterar.

Kommentar: Meir kvardagspupp

Idiotar og skurkar
Den siste delen er ikkje alle einige i. I eit intervju på programmet Fox & Friends på Fox News no nyleg.

– Det er ikkje berre Disney, Hollywood har lenge sendt ein beskjed om at menn er overflødige, dumme og i vegen, og om dei bidreg med noko i ein familie er det ein lønnsslipp, seier Penny Nance, leiar i Concerned Women for America under Fox & Friends.

Sjå heile intervjuet her:

LES OGSÅ: FN: Filmbransjen diskriminerer kvinner

«For the love of God»
Medan Frozen jamnt over har blitt hylla for å laga positive og sterke kvinnelege karakterar, har Fox & Friends og Penny Nance i Concerned Women of America eit litt anna syn på saka.

I nettavisa The Daily Beast kommenterer skribenten Kevin Fallon intervjuet med ein oppgitt tone.

«For the love of God», seier han i innleiinga, før han går imot intervjuet på Fox News.

– Om nokon veit noko om Hollywood, så er det at dei er notorisk kjende for å gi oss nyanserte og kompliserte bilete av kvinnelege karakterar, og ingenting anna enn underutvikla og forenkla standardkarakterar av menn, skriv Fallon, og smører tjukt på med ironien.

– Duh, ekte menn ser ikkje på Frozen, følgjer han opp med seinare i artikkelen.

Blir Kristoff framstilt som ein idiot i Frozen? Foto: Disney

LES OGSÅ: Blir Fifty Shades meir sexy med lego?

«Frozen-effekten»
Dømet som blir brukt for å skildra «Frozen-effekten» er den mannlege hovudpersonen Kristoff  – ein enkel is-seljar som hjelper Anna med å finna systera si Elsa.

– Kva om du hatar måten han pillar seg i nasen på? Alle menn gjer det, seier Kristoff i filmen, som eit døme på korleis menn blir framstilt som idiotar.

Yri Amanda Digernes, skribent i magasinet Fett, reagerer omtrent like hånleg som kommentatoren i The Daily Beast på intervjuet.

– Alt som blir sagt kan eigentleg plukkast frå kvarandre ganske lett, seier Digernes. Ho peiker på heltedømet Penny Nance trekk fram om ein mann som kasta seg framfor kjærasten sin og tok imot kulene for å redda ho under skytinga på ein kino i Aurora, Colorado i 2012.

– Kva får ho ut av å trekka fram dette? Det blir i alle fall tydeleg at kritikken ikkje eigentleg handlar om at Kristoff pillar seg i nasa og er tøysete, men at han ikkje får lov til å vera helten som reddar prinsessa, seier Digernes.

LES OGSÅ: Kvinnene rømmer frå distrikta

Kristoff – ein bra fyr
– Eg tykkjer elles at Kristoff virkar som ein bra fyr som hjelper Anna, medan han framleis respekterer valfriheita hennar. Han er sterk og sjølvstendig, og jau då, han pillar seg litt i nasen og er litt fjollete – men det er vel ei side som bur i oss alle, spør Digernes.

Yri Amanda Digernes meiner me heller bør reagera på kva kjønnsroller sjølve intervjuet viser fram.

– I innleiinga etablerer nyheitsankeret at intervjuobjektet aller helst skulle vore heime med barna, og ikkje på TV. Altså, hallo, seier Digernes.

– Eg trur det er sunt at barn får oppleva nyanserte karakterar i motsetnad til kvinna i nød og den tøffe, mannlege helten me har sett så mange gonger før. Det finst nok filmar der menn blir framstilt som idiotar og skurkar, men Frost er ikkje ein av dei, etter mi meining, held Digernes fram.

LES OGSÅ: Feminisme-testen

Trenden går andre vegen
Medan det blir diskutert om menn blir framstilt som idiotar på film, fortel professor i filmvitskap ved NTNU, Anna Gjelsvik, at trenden går andre vegen – mykje takka vere Hunger Games.

– Ei viktig endring som har skjedd dei siste to-tre åra er at nokre av dei mest populære og synlege filmane har kvinnelege hovudroller. Det vert meir actionbaserte og tøffe kvinneroller, som eg tykkjer «Hunger Games» er eit av dei beste eksempela på, sa Gjelsvik til Framtida.no då me skreiv om korleis karakteren Katniss Everdeen banar veg for heltinner på film.

LES OGSÅ: Banar veg for heltinner