Bøkene du kjøper øydelegg regnskogen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regnskogfondet har gjort ei undersøking på fleire bøker frå norske forlag, for å undersøka kor mange bøker som blir trykt med papir frå regnskogen. Dei tok stikkprøvar i norske bokhandlar for å finna regnskogfiber, og oppdaga at omtrent ein tredjedel av bøkene som blir trykt i Kina brukar papir som er laga med regnskog.

– Me er overraska over å finna så mange regnskogøydeleggande bøker hos norske bokhandlarar. No må norske forlag rydda opp, seier rådgivar i Regnskogfondet, Kamilla Berggrav, i ei pressemelding.

Regnskogfondet tok 35 meir eller mindre tilfeldig utvalde bøker fordelt på ulike forlag og undersøkte kor fibrane kjem frå. Av desse kom 11 frå regnskogpapir, og det var Cappelen Damm som kom verst ut av forlaga. Der var fem av ti bøker laga med regnskogpapir.

Kamilla Berggrav i Regnskogfondet ber forlaga om å skjerpa rutinane.

– Me trur ikkje forlaga bevisst trykker bøker på regnskogøydeleggande papir, men fleire forlag har tydelegvis ikkje gode nok rutinar. Det er umogleg for norske forbrukarar å vita om bøkene me kjøper øydelegg regnskogen, så her må forlaga vera ansvaret sitt bevisst.

Meir om regnskogen:

Regnskogfondet hadde fjorårets TV-aksjon – dei fekk inn 183 millionar kroner.

Men før innsamlingsaksjonen skjedde dette: Regjeringa tok 40 millionar frå regnskogsatsinga for å finansiere gåva til TV-aksjonen for Regnskogsfondet. Opposisjonen reagerte med vantru.