Slik skal regnskogen reddast med gåva di

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har sett ein enorm oppslutning om saka i den yngre generasjonen. Det kan kanskje speglast i at oppslutninga om P3-aksjonen er dobbelt så stor som i fjor. Miljø og regnskog vekkjer sterk atterklang hos dei yngre, seier Lars Løvold, dagleg leiar i Regnskogfondet til NTB.

Nær 100.000 gjekk med bøsser på søndag.

LES OGSÅ: Reagerer på gjenbruk av regnskogpengar

Her er det pengane skal gå til:
♦ folka som bur i regnskogen skal få opplæring i kva for grunnleggjande rettar dei har til skogen dei lever i, gjennom nasjonale og internasjonale lovar.

♦ støtte til å overvaka og verna eksisterande urfolkterritorium

♦ advokatbistand for å forsvara regnskogen eller vinne han tilbake dersom tømmer-, olje- eller gruveselskap har tatt seg til rette

♦ støtte til å byggja og bemanna vaktpostar langs elvane for å forhindra at ulovlege tømmerhoggarar tar seg inn i urørde regnskogsområde.

♦ støtte i arbeidet for at styresmaktene i regnskogland vernar regnskog og vedkjenner seg dei grunnleggjande menneskerettane til urfolk

LES OGSÅ: Palmeoljeversting stoppar all avskoging