Bloggar for å få fleire jenter inn i Forsvaret

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Første offiselle forsvarsbloggar

Forsvaret har dei siste åra prøvd å få opp talet på jenter som vel å gjennomføre førstegongsteneste. Mari Lerdal starta bloggen «Soldathjerte» då ho bestemte seg for å gjennomføra førstegongstenesta.

Ho tenestegjer til dagleg ved Forsvarets mediesenter. Då dei oppdaga bloggen, skreiv dei under ei kontrakt med retningslinjer for kva som er greitt å publisere, og slik var Forsvarets første offisielle bloggar fødd.

Kvifor søkte du førstegongsteneste?

– Eg søkte førstegongsteneste fordi eg ville prøva noko nytt, eg synest det var vanskeleg å finna ut kva eg skulle gjera etter å ha gått på folkehøgskule i København, jobba, studert eit år på universitetet og reist halve jorda rundt. Ein raud tråd i fleire av vala eg hadde gjort var trongen til å formidla, å jobba med media og presse. I tillegg sakna eg barndomsdraumen min, som var å bli politi. Ein kamerat foreslo at eg kunne kombinera uniformsdrømmen ved å jobba som journalist i Forsvaret. Eg søkte på stillinga før eg byrja på rekruttskulen, på den måten visste eg kva eg skulle i førstegongstenesta før eg byrja.

LES OGSÅ: På post i Afghanistan

Korleis er det å vera kvinne i Forsvaret?

– Å vera kvinne i Forsvaret har for meg aldri vore noko problem. Kanskje eg er godtruande, eller har hamna i ei avdeling det ikkje spelar så mykje rolle. Eg reiser mykje rundt, og opplever at folk er nysgjerrige på kvifor eg har lyst å vera i Forsvaret – men eg har aldri opplevt at folk meiner kvinner ikkje har noko å gjera i Forsvaret. Heldigvis. Alle i Forsvaret er ulike, uansett om ein er gut eller jente. Saman er vi sterke, fordi vi bruker dei beste eigenskapane våre saman.

Kva er det beste med livet i Forsvaret?

– Det beste med livet i Forsvaret er variasjonen. I blant sit eg på kontoret, drikk kaffi og bloggar, andre gonger er eg ute i felt med min eigen tropp, eller får vera med andre spennande avdelingar for å sjå kva dei gjer. Eg møter utruleg mange spennande menneske. Ein annan fantastisk ting ved å vera i Forsvaret er samhaldet. Vi er alle saman brikker i "det store Forsvarspuslespelet", som eg likar å kalle det. Saman er vi med på verna det som er viktigast for oss, landet og demokratiet vårt.

LES OGSÅ: Vurderer verneplikt for kvinner

Kva spørsmål får du frå lesarane av bloggen din?

– Lesarane spør om veldig mykje ulikt, dei aller fleste er nysgjerrige på korleis livet generelt er i Forsvaret. Mange jenter spør naturlegvis om korleis det er å vera jente i Forsvaret. I tilegg går det mykje i fysiske krav, og spesifikk trening mot dette. Eg synest det er heilt fantastisk å få svara på alle desse spørsmåla. Eg føler meg som ei slags "Forsvars-storesøster", smiler Mari Lerdal.

No satsar ho på ei vidare karriere i Forsvaret – helst innan presse, pr og media.

– Planen er i alle fall å søkja befalskole eller befalskurs til sommaren.