Vurderer verneplikt for kvinner

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opnar for verne- plikt for kvinner

 

Forsvarsminister Espen Barth Eide (Ap) vurderer å foreslå innføring av verneplikt for kvinner når regjeringa legg fram langtidsplanen for Forsvaret i Stortinget til våren.

Forsvarsministeren peikar på at teknologi, systemtenking og strategi har avløyst mange av dei fysiske utfordringane for vernepliktige, skriv Stavanger Aftenblad.

– Det er stadig vanskelegare å argumentere for at kvinner ikkje skal verve seg. Det er ikkje lenger særlege fysiske krav, og det er synd dersom vi ikkje klarer å rekruttere dei beste jentene også, seier Barth Eide.

Han minner også om stadig høgare krav til simultankapasitet – evna til å ha fleire tankar i hovudet på ein gong.

Regjeringa innførte nyleg allmenn sesjonsplikt, som tyder at kvinner på lik linje med menn blir kalla inn på sesjon. No vurderer regjeringa altså å ta steget heilt ut og innføre full likestilling der både kvinner og menn har allmenn verneplikt.

Barth Eide fortel at allmenn verneplikt for kvinner kan bli foreslått alt i langtidsplanen for Forsvaret som blir lagt fram for Stortinget til våren.

For nokre dagar sidan vart det kjent at Stortinget følgjer tilrådinga frå regjeringa og avviklar den sivile verneplikta. Dei som nektar militærteneste av overtydingsgrunnar, slepp heretter tolv månader sivilarbeid. (©NPK)

Er det på tide med verneplikt for kvinner også? Kva meiner du?