Tysnesfest med artistdryss

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Festivalen opnar gåvesekken heile to veker før høgtida senkar seg, og slepp fem namn frå programmet til Tysnesfest 2016. Blant dei, Alphaville og Karpe Diem.

Også Bernhoft & The Fashion Bruises, Sondre Justad og Sigrid Moldestad gjestar neste års festival, som går av stabelen 6. til 10. juli.

– Dei er alle dagsaktuelle på kvar sin måte, og viser breidda i programmet. Me likar til dømes å presentera retroband. Festivalen skal etterlata seg sommarminne og folk skal vera glade, seier festivalsjef Sigvard Madsen.

– Er du nøgd med programmet?

– Ja, det blir kjempebra! Kven har ikkje dansa til «Forever Young», til dømes, spør han, og lovar at dette berre er byrjinga på eit rabalder som skal dra oss mot tiårsjubileet.

LES OGSÅ: Alexander (20) lever boybanddraumen

Dyster hovudlåt
Det er den tyske popgruppa Alphaville som er kjend for låten «Forever young», og til dømes «Big in Japan». Bandet som blei populært på 80-talet, held seg innanfor sjangeren synthpop. Sjølv om det kanskje er på nachspiel du har sunge av full hals til «Forever young», er tematikken i teksten dyster, og handlar om usikkerheten i samband med den kalde krigen. Den gong Berlinmuren framleis stod, og atomkappløpet pågjekk for fullt.

Alphaville blei stifta av vokalist og låtskrivar Marian Gold, Bernhard Lloyd som spelar keyboard, og Frank Mertens, også han på keyboard. I dag består bandet av Gold som framleis er vokalist, Dave Goodes på gitar, trommis Jakob Kiersch, Carsten Brocker på keyboard, og bassist Maja Kim.

– Retromusikk er veldig «in» for tida, og me er sikre på at Alphaville vert godt tekne imot av publikummet på Tysnesfest. Her må ein smørja stemmebanda for allsangfaktoren kjem til å bli høg!, skriv Tysnesfest i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Vestlandet på festivaltoppen

Syng politisk sprengstoff
Rapgruppa Karpe Diem, blir også å sjå på festivalen, og gjestar faktisk Tysnesfest for andre gong sidan sommaren 2014. Bandet består av barndomsvenane Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid og Chirag Rashmikant Patel, som er dei mestseljande norske hip-hop-artistane nokon sinne.

Dei er kjende for å skriva tekstane sine om politiske og samfunnskritiske tema, og dei nye låtane «Lett å være rebell i kjellerleiligheten din», «Hvite menn som pusher 50» og «Au Pair» som blei sloppe i november, er ikkje noko unntak, og er blitt rost opp i skyene av anmeldarane.

I fyrstnemde er det nettrolla som får gjennomgå i tillegg justisminister Anders Anundsen. I«Au pair» blir søkjelyset retta mot au pairane som kjem til Noreg slik at vestkantfolka kan tena endå meir pengar, og «Hvite men som pusher 50» , handlar om at verda blir styrt av middelaldrande menn. Karpe Diem blei stifta i 2000, og slo gjennom med EP-en Glasskår. Dei har mellom anna vunne spelemannprisar, Alarmprisen, P3 Gull og MTV Europe Music Awards pris.

LES OGSÅ: Festivalar skaper store ringverknader

Radiohitar
I tillegg til desse gjer mellom anna Bernhoft & The Fashion Bruises, som er Bernhoft med fullt band, seg klar til Tysnesfest 2016. Bernhoft debuterte som soloartist i 2008 med «Ceramik City Chronicles», og musikkstilen er ein miks av retro-soul og funk blanda med pop.

Lofotværingen Sondre Justad tek også turen til gudeøya i sommar. Sommaren 2014 slapp han låten “Nu har du mæ”, og er også kjend for låtane “Det e over”, “Tilbake” og «Riv i hjertet».

Tysnesfest 2016 blir avslutta med at Sigrid Moldestad spelar i Onarheim kyrkje søndag 10. juli. Ho spelar folkemusikk, og har vunne spelemannsprisen med plata Taus i 2007, i tillegg til at ho har fått mange andre prisar opp gjennom åra.

Les saka på Tysnesbladet.no!