Strynefestivalen er ei gøymd perle


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg har lyst til å gi litt merksemd til ein festival som for meg var ukjend heilt fram til eg skulle spele der i starten til festivalsumaren. Ein festival som blir omringa av noko av det finaste vi har av natur i Norge og den roligaste atmosfæren eg har møtt på.

Strynefestivalen

Frå festivalcampen. Foto: Kyle Meyr/Strynefestivalen

Der tre høge fjell møtast i botnen av ein dal, rett ved ei krystallblå elv kan du finne den.

Strynefestivalen. Ei gøymd perle

Festivalen blir heldt på Folven Camping øvst i Oppstryn, i Hjellebygda rett før du tek til på Strynefjellet. I regi av Fri Flyt ber den naturlegvis preg av friluftsliv og for ein slik type festival er det vanskeleg å finne nokon betre plass for den.

For nokre er ikkje denne festivalen ukjend i det heile. Blant dei eg snakka med hadde brorparten av desse vore der minst ein gong før, og med god grunn. Dette er ein festival ein gjerne vender tilbake til. Eg mistenker at dette er årsaka til at den vart utseld i år.

Det var ei ganske «happy-go-lucky» stemning over denne tilstellinga som eg fall litt for. Folka som var der verka veldig tilfredse med å vere akkurat der, og det var rom for alle. I løpet av det døgnet eg var der møtte eg folk i frå heile landet, eit par tre tyskarar i lederhosen og ein pirat. Alle i skjønn harmoni.

I løpet av det døgnet eg var der møtte eg folk i frå heile landet, eit par tre tyskarar i lederhosen og ein pirat. Alle i skjønn harmoni.

Foto: Brynjar Tvedt/Strynefestivalen

Strynefestivalen passar for alle

På dagtid kan du nytte deg av omgivnadane og dei organiserte turane som festivalen set opp. Du kan velje mellom topptur på ski, sykling, klatring og mykje meir.  På kvelden kan du kose deg på konsert.

Strynefestivalen har organiserte turar på ski, hjul og i kajakk. Foto: Brynjar Tvedt/Strynefestivalen

Det gjekk også rykte om eit tradisjonsrikt nachspiel den siste kvelden, som eg dessverre gjekk glipp av. Mulig grunn nok til å komme tilbake neste år.

Sjølv om det er ein festival med stort fokus på friluftsliv, passar den fint for dei som ikkje har dette som sin lidenskap også. Når friluftsgjengen er på tur på dagtid kan du for eksempel kose deg i sola på campingplassen med ei pils og eit slag kubb. Om ikkje dette fristar kan du også prøve å bade i elva. Sistnemnde kjem med kuldegaranti.

Trass litt lite musikkprogram er dette ein festival eg vil anbefale på det sterkaste. Rett og slett ein av dei trivelegaste festivalane eg har vore på. Rett under Malakoff og Sommarfesten.

Meir av dette!

Foto: Brynjar Tvedt/Strynefestivalen