– Solenergi er like effektivt i Noreg som i Tyskland

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtiden i våre hender fortset myteknusarkampanjen sin. Denne gongen har dei fått dei med seg skodespelarane Tuva Novotny og Espen Lervaag for å knuse myter om solceller.

– Visste du at solenergi er den raskast voksande energikjelda i verda? spør Tuva Novotny, som fortel at det dagleg vert installert rundt ein halv million solcellepanel på verdsbasis.

I Noreg står både bustadeigarar og bedrifter i kø for å få solceller på taket. I fjor blei solkraftkapasiteten i Noreg nesten firedobla. 

Framtiden i våre hender argumenterer med at ein kan selje overskotsstraumen tilbake til kraftselskapa, samstundes som du aukar verdien på bustaden din med ein høgare energi og miljøstandard.

– Solstrålinga er sjølvsagt lågare i nord, men solcellepanel er faktisk meir effektive ved låge temperaturar. Solenergi er altså like effektivt i Noreg som for eksempel i Tyskland, seier skodespelaren til kamera.

Tidlegare har organisasjonen brukt «Skam»-skodespelar Thomas hayes for å knuse myter om el-bilar.

 

LES OGSÅ: Denne vegen gir straum til ein heil heim


Verdas første solcelleveg ligg i Nederland og produserte nok straum til ein vanleg heim i sitt første halve år. Foto: Solaroad