NASA-astronaut skal stemme frå verdsrommet

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den amerikanske astronauten Kate Rubins er nesten 400 kilometer frå jordoverflata når amerikanarane skal gå til valurnene i november.

Det hindrar ho likevel ikkje frå å avgje si stemme om kven som skal verte den neste presidenten i USA:

– Eg synest det er veldig viktig at alle stemmer, og om vi kan gjere det frå verdsrommet, så trur eg folk kan gjere det på bakken òg, seier Rubins til Associated Press.

«Vote while you float»

Akkurat no er Kate Rubins i Moskva, der ho òg to russiske kosmonautar førebur seg til eit seks månadars opphald ved Den internasjonale romstasjonen (ISS).

Etter planen skal dei setje kurs mot ISS 14. oktober, og Rubins har såleis ikkje høve til å gå til sitt næraste valkontor på valdagen 3. november.

Dette er mannskapet på Ekspedisjon 64, dei russiske kosmonautane Sergej Kud-Svertsjkov (t.v) og Sergej Ryzjnikov og NASA-astronaut Kate Rubins. Foto: NASA/GCTC/Irina Spector

Men heilt sidan 1997 har amerikanske astronautar hatt høve til å stemme frå verdsrommet. Då innførte Texas – der NASA sitt senter for bemanna romfart ligg og flesteparten av astronautane bur – ei lov og prosderyrer for å tillate det.

Før Rubins legg ut på romferda lyt ho velje kva val ho vil stemme i, ifølgje Smithsonian National Air and Space Museum. På sjølve valdagen får ho ein kryptert elektronisk stemmesetel, og eit eige passord tilsendt på e-post.

Når ho har stemt sender ho stemmesetelen attende til NASA sitt kontrollsenter, og vidare til valadministrasjonen i Texas.

Til Associated Press seier Kate Rubins at det er ei ære å få stemme frå verdsrommet:

– Det er avgjerande at vi deltek i demokratiet vårt.

Det er heller ikkje første gong astronauten stemmer frå verdsrommet, ho gjorde det same i 2016, og skreiv då at adressa hennar var «låg jordbane».

Christina Koch (t.v) og Jessica Meir vert dei første kvinnlege astronautane som flyt i verdsrommet utan ein mannleg astronaut i følget. Foto: NASA