– Musikk er livet

Saka vart først publisert i Fjuken.

Ann Kathrin Bråten har vore elev ved kulturskulen i Lom ei årrekkje. Det har ho tenkt å fortsetja med, også etter at ho er ferdig med ungdomsskulen.

Musikkglad og sjenert

Fjuken har fått fleire tips om 15-åringen. Flink til å synge, har dei sagt – og svært beskjeden.

Ann Kathrin vil ikkje vera med på at ho er flink til å synge, det er ho sjølvsagt for beskjeden til.

Les også: Kvar er dei kvinnelege produsentane?

– Countrymusikk har sjel

– Favorittartisten min er Carrie Underwood. Ho er ikkje så verst ho Dolly Parton, heller!

– Da pratar vi countrymusikk?

– Ja, sjølvsagt. Det er country som er «min» musikk. Country er musikk med sjel, det er musikk som betyr noko, liksom. Eg blir glad av den musikken. Musikk er viktig for meg, svarar 15-åringen.

Høyr Blown Away av Carrie Underwood, favoritten til Ann Kathrin, her: 

Arveleg belasta

Vi må kunne seia at Ann Kathrin Bråten er arveleg belasta. Pappa Arnt Joar sit i sofaen og høyrer på intervjuet. Han smiler stolt når 15-åringen pratar så varmt om countrymusikk.

Dei fleste frå Lom hugsar truleg programmet «Stjerner i sikte» i 1997, der Arnt Joar fekk andreplass.

Han hadde stor suksess med Willie Nelson-imitasjonane sine og vart rett og slett landskjent dette året. Han fekk møte den «ekte» Willie Nelson òg.

Les også om Sigurd Brørs som gjev ut «pappapop» på plate, med bidrag frå døtra 2 år gamle Runaug.

Eldhuset vart musikkrom

I eldhuset: Eldhuset på garden blir ikkje brukt til bakst, men musikk. Arnt Joar og Ann Kathrin finn stor glede i å syngje countrylåtar saman. Foto: Vigdis Kroken

– Eg har prata mykje musikk med Ann Kathrin opp gjennom åra, så ho er nok litt prega av det. Eg er glad ho har skjønt at det er countrymusikk som er det store, skjemtar han og fortel at dei har gjort om eldhuset til musikkrom.

– Vi syng saman rett som det er. Det er jælma triveleg å ta ei musikkstund i eldhuset nå og da.

– Uff, seier Ann Kathrin, som tykkjer det er litt flaut at faren blandar seg inn i samtalen. Ho er som ungdomar flest, sjølvsagt: Foreldre er rett og slett litt flaut.

Syng fordi ho likar det

– Kva mål har du med musikken din, Ann Kathrin?

– Eg har ikkje store mål med musikken i det heile tatt. Målet er å synge fordi eg likar det, ha musikk som hobby og noko eg kan gle meg over. Somme gonger kan eg sjølvsagt drøyme om å starte mitt eige countryband, men det trur eg ikkje blir noko av. Eg er tilfreds med å synge på musikkskulekonsertar og kanskje på pensjonistmøte og slike ting.

– Eg tykkjer det er triveleg å stille opp når folk spør. Det er ikkje alle som er glade i countrymusikk, så da prøver eg meg på andre ting. Eg song «Nordnorsk julesalme» på pensjonistmøtet, hugsar eg.

Les også reportasjen om Akkerhaugen Rocksamfunn: Den vesle bygda med det store rocksamfunnet

Vil bu i Lom

– Kan det vera ein idè å reise til Oslo etter ungdomsskulen, der musikkmiljøet trass alt er mykje større enn i Lom?

– Til Oslo?! Aldri! svarar 15-åringen. Ho ser på journalisten som om det er det dummaste forslaget ho har høyrt i heile sitt liv.

– Eg vil bu i Lom, seier ho bestemt.

Vil hjelpe eldre menneske

– Neste år skal eg gå på helse- og oppvekstlina på Otta vidaregåande skule. Eg skal pendle. Så fort eg er ferdig utdanna helsearbeidar, er målet mitt å arbeide med gamle menneske. Å hjelpe og ta vare på gamle menneske har eg hatt eit ynskje om heile livet. Eg får heller synge litt for dei. Det er mykje betre enn å flytte til Oslo, i alle fall!

Les også: Pass på høyrselen din! Ein låt er nok til å gjere skade