Livet ditt er til sals. Kva så?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Da ein kviterussar eg kjenner vart introdusert for Facebook, kom kommentaren hans spontant: «For ein fin reiskap for KGB!». Ein naturleg reaksjon frå ein mann med erfaringar frå livet i ein autoritær stat. Og ei god påminning om kor uforsiktige vi er, vi truskuldige fjesbokfolk. Storebror kan kome i mange former.

Trass i denne påminninga har eg halde fram med å vere Facebook-brukar, med alt det inneber av naiv tillit til eit system eg slett ikkje har innsyn i. Dette nettsamfunnet er for underhaldande og for praktisk til at eg orkar å tenkje på personvern, og slik er det kanskje for dei fleste av dei 2,5 millionane nordmenn med Facebook-profil.

Berre ein gong iblant slår skepsisen min inn – til dømes når eg går inn på nettsida til Aftenposten og ser vindauget som heiter «Aftenposten på Facebook». Der kan eg lese at «38,185 people like Aftenposten», og ti av desse er det bilete av. Dei er ikkje tilfeldige individ – alle ti er blant mine Facebook-vener. Med andre ord: Nettsida til Aftenposten «veit» kven som er venene mine. Eller, sagt på ein annan måte: Aftenposten har betalt Facebook for å kunne nytte seg av venelista mi – truleg i håp om å gjere meg meir venleg innstilt overfor avisa.
Det kan eg seie med ein gong, Aftenposten: Det der fungerer ikkje. Eg blir ikkje venleg av dette, eg blir sur og paranoid.

Livet til sals
Og kanskje er det paranoiaen eg burde lytte til litt oftare. Som teknologientusiast Eirik Newth sa til Bergens Tidende nyleg, etter å ha sletta Facebook-profilen sin: «Kunnskapen om våre sosiale nettverk gjør Facebook-basen enestående – og skremmende. Vi har ingen garanti for at denne kunnskapen alltid vil bli brukt til Facebook-brukernes gavn, og vår mulighet til innsyn i et stort amerikansk dataselskap er minimal.»

LES OGSÅ: Difor funkar Facebook

Ein flittig Facebook-brukar gjer svært store mengder informasjon om seg sjølv tilgjengeleg – ikkje berre for venene sine, men òg for Facebook og potensielt for kundane til selskapet. Problema med dette er meir grunnleggjande enn at uforsiktige tenåringar kan leggje ut pinlege bilete av kvarandre. Den som har tilgang til Facebook-data om eit menneske, kan lese seg til svært mykje, mellom anna om venekrins, kjærleiksforhold, legning, politisk orientering, interesser, synspunkt, medie­vanar og kulturell smak.

Til og med rørslene til ein person i den fysiske verda kan ein kartleggje, om denne personen brukar tenesta Facebook Places. Ein kan avgrense innsynet i profilen sin noko ved hjelp av ein del personverninnstillingar, men det krev litt innsats å finne ut av, og standardinnstillingane er opne.

Som Facebook-brukarar lesser vi friviljug inn all denne informasjonen om oss sjølve som det så er opp til Facebook å forvalte – og tene pengar på. For det er ikkje vi brukarar som er kundane til Facebook. Vi er råstoffet, og informasjonen om liva våre er den vara som er til sals. Og om Facebook hadde vore meir prippent på personvernsida, ville selskapet neppe blitt verdsett til 300 milliardar kroner, slik det no er.

Men kor godt Facebook handterer det formidable personvernansvaret sitt i dag, er eit ope spørsmål. Reglane for dette er til dels kompliserte og uklare og har blitt endra gong på gong i det korte livet til selskapet.

Hjelpsame Facebook
Om ein leitar på personvernsida til Facebook, finn ein til dømes denne tilforlatelege setninga: «In order to provide you with useful social experiences off of Facebook, we occasionally need to provide General Information about you to pre-approved third party websites and applications». Altså: «For å kunne gje deg nyttige sosiale opplevingar» utleverer Facebook informasjon om deg til kundane sine – til dømes Aftenposten, som nemnt over. Men kva informasjon dei gjev ut, til kven, og korleis informasjonen kan brukast, er det slett ikkje lett å få oversikt over.

LES OGSÅ: Fryktar at 21.000 kjem på bursdag

Såpass innvikla er reglane til Facebook at det truleg berre er eit lite mindretal av brukarane som veit kor store rettar dei har gjeve selskapet – ikkje minst når det gjeld korleis informasjonen deira kan bli brukt av tredjepartsselskap.

Med dette som bakgrunn er det eitt spørsmål som melder seg: Korleis kan det ha seg vi har fått slik ein lang og beinhard debatt om personvernproblema ved Datalagringsdirektivet, medan knapt nokon debatterer personvernproblema med Facebook?

Paradoksalt
– Det der er verkeleg eit paradoks, meiner Thomas Nortvedt, som er fagdirektør for digitale tenester hos Forbrukarrådet.

– Om ein skal samanlikne: Dei personopplysningane det handlar om i Datalagringsdirektivet, får plass i ei bøtte, medan Facebook er eit svært basseng.

Men Nortvedt trur dei færraste ser nokon parallell mellom problemstillingane.

– Det kan ha noko å gjere med kor ein føler at ting kjem frå. Eit EU-direktiv kjem ovanfrå og ned. Facebook er derimot eit «sosialt medium». Det er ingen skarpe kantar i det omgrepet, det smakar godt i munnen. Vi vil ikkje at styresmaktene skal lagre data om oss. Vi har derimot større tiltru til eit privat selskap. Eg meiner jo ein bør ha ein sunn skepsis til båe delar.

Taper rettar
Forbrukarrådet har gjort handling av skepsisen sin. I mai i fjor klaga rådet Facebook inn for Datatilsynet. I klaga blir det reist grunnleggjande kritikk mot måten selskapet handterer personopplysningar på. Forbrukarar blir fråtekne grunnleggjande rettar når dei blir medlem av nettsamfunnet, meinte Forbrukarrådet, til dømes retten til å eige informasjon om deg sjølv og retten til å få vite korleis informasjonen om deg blir brukt.

Rådet var dessutan svært kritisk til at Facebook fråskriv seg ansvaret for korleis tredjepartar brukar personinformasjonen som blir seld vidare. Det er òg eit viktig spørsmål om det samtykket folk gjev når dei blir Facebook-medlemer, eigentleg er gyldig.

– Er det eigentleg «informert samtykke» når folk klikkar og blir Facebook-medlem? Det er ein viss avtaleapati ute og går. Eg trur ikkje folk les alle avtalar for programvare og anna før dei samtykkjer. Og på Facebook gjev folk frå seg retten til masse informasjon som dei ikkje veit kva skal brukast til, seier Nortvedt. Han ventar stadig spent på utfallet av klagehandsaminga hos Datatilsynet og trur avgjerda der vil bli lagd merke til utanfor Noregs grenser.

– Dei som arbeider med desse spørsmåla i EU-systemet, følgjer med på kva som skjer i Noreg, seier Nortvedt.

Rett til å vite
Men avgjerda i klagesaka må vente enda ei stund til, fortel Jørgen Skorstad, juridisk senior­rådgjevar i Datatilsynet. Tilsynet har arbeidd med nokre viktige prinsipielle avklaringar, ikkje minst denne: Gjeld eigentleg norsk personvernlovgjeving overfor eit USA-basert, globalt selskap som Facebook?

Svaret på dette er avgjerande for korleis klaga frå Forbrukarrådet skal handterast, og

Datatilsynet vil kome med konklusjonen i ein rapport 1. februar.

På prinsipielt grunnlag er i alle fall Skorstad samd med Forbrukarrådet: Folk skal ha rett til å vite korleis informasjonen deira blir brukt.

– Det er eit grunnleggjande element i lovgjevinga om personvern og eit prinsipp vi stiller oss bak. Men det skal seiast at Facebook gjev ein god del informasjon om korleis personopplysningar blir handterte, og vi kan oppmode Facebook-brukarar til å gjere seg kjende med dei reglane før dei aksepterer vilkåra.

– Men ikkje mange gidd lese all teksten før dei klikkar på godkjenn-knappen?

– Det er nok heilt rett, og omfanget av vilkåra er avskrekkande i seg sjølv. Facebook er ope for alle over tretten år. Så kan ein spørje seg om ein vanleg norsk fjortenåring vil bruke særleg med tid på å setje seg inn i vilkåra.

– Om Facebook var eit norsk selskap som dreiv på same måte, ville de da slått ned på handteringa av personvernet?

– Om eit norsk selskap innhenta ei rekkje personopplysningar og leverte dei ut til andre, ville det i alle fall vore grunn for oss til å sjå på saka. Både innsamling av informasjon og utlevering av persondata krev eit rettsleg grunnlag. Vi har pålagt eit par norske nettsamfunn å gje brukarane betre informasjon om korleis personopplysningar om dei blir brukte, seier Skorstad.

Norsk lov
Han understrekar at tilsynet ikkje har konkludert med om verksemda til Facebook er i strid med norsk lov.

– Men spørsmålet om norsk lov gjeld overfor Facebook, har konsekvensar for korleis vi kan følgje opp overfor selskapet. Om vi kjem til at norsk lov gjeld overfor Facebook, kan det setjast makt bak eventuelle krav.

Om norsk rett skal gjelde for alle nettsamfunn som er aktuelle for nordmenn å vere med i, skaper det eit nytt og svært komplisert rettsleg bilete, påpeikar Skorstad.

– Korleis skal ein handheve norske personvernreglar overfor aktørar på ein annan kant av verda? Det er ei interessant problemstilling.

Sidan personvernlovverket er stort sett likt i heile EU/EØS-området, har konklusjonane i denne saka europeisk interesse. Dermed kan det godt hende at sjølv Facebook-sjef Mark Zuckerberg vil halde eit auge på kva som skjer i det norske Datatilsynet dei neste vekene.