Lærling til fast tv-jobb

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Steffen Hegerland (20) frå Etne er nettopp ferdig med tida som lærling. Han jobbar no som mediegrafikar hjå TV Haugaland.

Steffen Hegerland byrja vegen ut i arbeidslivet som elev ved medium -og kommunikasjonslinja på Etne vidaregåande skule. No jobbar han fulltid hjå TV Haugaland. For å bli mediegrafikar må ein gå to år på media og kommunikasjonslinja, og deretter vera lærling i to år. Hegerland vart utplassert via skulen til TV Haugaland. Han jobba kvar måndag medan han gjekk sitt siste år på skulen i Etne. Han fann fort ut at tv var det han ville jobba med.

LES OGSÅ:Toppjobb for lærlingar

Vegen fram til jobb

I 2011 kom han gjennom det smale nålauget, og fekk lærlingplass hjå bedrifta i Haugesund. 20-åringen flytta til byen for å prøve bylivet, og i sommar var fagbrevet i boks.

kjenner mange som ikkje har fått læringplass

— Draumen er å jobbe meg opp i systemet, og ende opp som produsent innan reklame og foto. Det er dette eg jobbar mest med akkurat no, så eg føler at eg er på rett veg. Eg synest eg er heldig som fekk ein slik moglegheit. Eg er kjempeglad eg fekk denne tv- jobben, seier Steffen Hegerland.

Då han byrja som lærling var det mykje nytt å setja seg inn i. Han vart kasta ut i arbeidslivet ganske kjapt.

— Det var uvant og krevjande. Eg var ikkje van med å jobbe under slikt tidspress, men eg lærte mykje gjennom dei store utfordringane, seier han.

LES OGSÅ:Flest lærlingar i sør og vest

Direktesending

— Eg har hatt svært mange gode opplevingar i denne jobben. Det er sjølvsagt kjekt å få vere med på direktesendingar og ha så stort ansvar.

Min typiske dag på jobben inneheld eit redaksjonsmøte, kor me drøftar ulike saker og tek avgjersler på kva me skal satsa på. Etterpå planlegg me dette, før me filmar og gjennomfører intervjuet. Eg synest det er spennande å treffe så mange forskjellege folk kvar dag, seier etnebuen.

Trong økonomi

Hegerland fortel at det er svært vanskeleg å få lærlingplass i mediefaget, spesielt innan tv. Sjølv søkte han plass hjå fleire tv-stasjonar, men fekk berre napp hjå TV Haugaland.

— Eg var svært heldig som fekk meg plass, og det er eg takksam for. Eg kjenner mange som ikkje har fått plass i det heile tatt, seier han.

Å bu i Haugesund er dyrt, og stipendet dekkjer ikkje så mykje. Sjølv om lærlinglønna ikkje er så høg, hjelpte den godt på når stipendet ikkje dekka leilegheit ein gong!

— Eg brukte sparekontoen hyppig i denne perioden. Bil er dyrt som 18- åring, så det var tøffe tider. Då eg hadde betalt husleige, straum, og andre rekningar hadde eg 4.000 kroner igjen å leve for, fortel Hegerland.

I sjølve lærlingperioden var lønna lik frå månad til månad, men lønnsutviklinga frå lærling til ferdig utdanna er god.

— I løpet av læretida hadde eg aldri klart meg utan alle dei overtidstimane eg jobba for lokal-tv. Eg måtte verkeleg jobba for å klare meg. Det var lite fritid dei åra, men no ser eg at det var verdt det.

Les også:Våg å tørre

Råd til ungdom

Å jobbe innan tv-produksjon er eit attraktivt, spanande og eksklusivt yrke. Det er vanskeleg å få ein fot innanfor.

— Mitt beste råd for ungdommar som ynskjer å gå same veg som meg er å ha gode evner innan faget, stå på alt du kan, og vise at du vil! seier Steffen Hegerland.

Les meir om yrkesval her!

Les saka i Grannar!