– Klima er noko av det viktigaste

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Klima er noko av det viktigaste å jobbe for framover! Det grøne skiftet det vert snakka mykje om er viktigare enn nokonsinne å få fart på.

LES OGSÅ: Vil sparke deg med begeistring

Det meiner ungdomskandidat for Hordaland Krf, Otto Galtung.

– Kva er dei største utfordringane knytt til klimaendringane i Hordaland?

– Utfordringane knytt til klimaendringane merkar me allereie på kroppen med meir ekstremvêr. Flaum, ras, ekstrem varme og mykje sno er noko av det som er kome til som ein konsekvens av eit klima i endring. For Hordaland er det utfordrande med alt dette ekstremvêret i eit fylke med høge fjell og djupe fjordar, meiner politikaren.

– Korleis vil du redusere utsleppa av klimagassar i fylket?

– Ein del av verdigrunnlaget vårt i KrF er forvaltaransvaret. KrF har ein visjon om at Noreg skal bli eit samfunn med null utslepp. Hordaland KrF vil arbeida for at utslepp av klimagassar i Hordaland vert redusert med 40 prosent innan 2030, målt mot nivået frå år 2000. Vi vil vere ein pådrivar for at fylkeskommunen sin klimaplan vert meir offensiv når det gjeld mål for å redusere utslepp, svarar Galtung.

LES OGSÅ: Vil vite kva ungdom vil leve av