Jo Nesbø populær i USA

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan 2005 har Jo Nesbø selt 5 millionar bøker på engelsk, omtrent det same som det totale salet hans i Noreg. I fjor selde han 863.000 bøker i engelsk omsetting, like mange som i 2013, skriv Dagens Næringsliv.

LES OGSÅ: Eddi Eidsvåg får Harry Hole-pris 

Opp i USA
I USA selde han i fjor over 300.000 bøker, inkludert både krimbøkene og barnebøkene. I 2013 var salet på rundt 250.000 bøker.

Opplaget for bøkene til Nesbø i Noreg auka med 340.000.

Sjølv ønskjer forfattaren ikkje å kommentere salstala.

– Eg avstår som vanleg frå å kommentere tala sjølv om dei sikkert er bra, i løynleg håp om at eg ikkje blir skulda for å vere grinebitar når eg heller ikkje kommenterer tala den dagen dei snur, seier han til avisa. (©NPK)