Ivar Aasen

Ingrid Ophaug Dahl
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

178 år seinare sit eg her og les i Bergens Tidene om at han var 161 centimeter høg og blant anna lærar. Om Ivar Aasen stod føre meg her i dag, skulle eg spurt han om kva han synest om dagens politikk. Eg skulle sett han rett i auga, i og med at vi er like høge, og spurt om alt frå språk til biologisk mangfald.

At han «ville snudd seg i grava» om han visste korleis det sto til med den norske språkpolitikken, høyer eg titt og ofte. Eg veit no ikkje eg, kviskrar eg stilt tilbake, fyren døde jo for 200 år sidan.

Nei, eg veit ikkje kva Ivar Aasen hadde synst om Noreg og språkdebatt anno 2013. Men det eg veit, er kva han har gitt oss. Han la fundamentet for at eg i dag kan nytta eit skriftspråk som ligg nærare mi eiga dialekt enn det bokmålet gjer. Han tok fatt på og gjennomførte eit heidundrande prosjekt for gje nordmenn sitt eige skriftspråk. Det er kult. 
Ikkje berre er det kult, det er verdt å kjempa for. For meg er dei to skriftspråka litt som ein test. Klarar vi å la to skriftspråk leva side om side? Ikkje? Nei, då har vi ein jobb å gjere. Å ta vare på det språklege mangfaldet, er ein del av det å ivareta eit fungerande demokrati.