– Grunnlova er ei gullgruve for språkopplæringa

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 14.11.2017 17:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ei gullgruve for språklæring

– Dei to språkversjonane av Grunnlova er ei gullgruve for språkopplæringa på ungdomssteget og vidaregåande, seier Gudrin Kløve Juuhl. Ho er rådgjevar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, og har saman med kollega Ingrid Slettevoll laga undervisingsopplegget med utgangspunkt i Grunnlova.

LES OGSÅ: Nynorsk grunnlov eitt år!

Ho seier at det er fleire grunnar til at dei har laga dette opplegget:

– Ein ser at det er eit kompetansemål i læreplanen i norsk etter tiande steg at elevane skal bruka grammatiske omgrep til å samanlikna nynorsk og bokmål. Og så er jo Grunnlova ein svært viktig tekst som finst på både bokmål og nynorsk, og difor er godt eigna til slikt arbeid. Etter revisjonen av læreplanen i 2013 er det vorte lagt meir vekt på grammatikk og kunnskap om språk på alle skuletrinn, og sidan det er litt nytt, så er det kanskje kjekt for lærarar å sjå opplegg som ein kan lata seg inspirera av.

– Har de fått reaksjonar på oppgåvene?

– Så langt er tilbakemeldinga at dette er spennande, men me har ikkje fått tilbakemeldingar om korleis opplegget har vore i bruk enno. Men det er me svært interesserte i!

– Er du redd for at elevane kan læra seg dårlegare bokmål av å lesa Grunnlova på bokmål?

– Nei. Om elevane les Grunnlova på bokmål, så kjem det til å vera ein bitteliten del av alt bokmålet dei les, og sannsynlegvis ikkje noko som kjem til å vera eit sentralt førebilete for dei når dei skriv.

Sjekk ut undervisingsopplegget her!

Les også saka hos Magasinett