Greenpeace-aksjon avslutta etter 69 timar

Edvard Storm Simonsen
Publisert

Sidan søndag kveld har fire aktivistar frå Greenpeace blokkert kjemikalietankskipet Bothnia frå å legge til kai på Mongstad i Vestland, ved å feste ein liten seglbåt til tankskipet.

Onsdag ettermiddag vart aksjonen avbroten grunna risikable vêrforhold, melder Greenpeace i ei pressemelding.

Målet med aksjonen var å protestere mot Equinor sin eksport av «oljevatn» eller produsert vatn, til Danmark. Denne eksporten har gått føre seg i 25 år, ifølge pressemeldinga.

– No må det bli slutt på at det er dejlig å vere norsk i Danmark for Equinor, seier Tale Hammerø Ellingvåg, talsperson for aksjonen og fagrådgjevar i Greenpeace.

To personar står på liten båt med skilt med tekst som er kritisk til Equinor

Mannskapet på tankskipet prøvde å spyle vekk bodskapen aktivistane hadde måla på skroget. Foto: © Rasmus Törnqvist / Greenpeace

Produsert vatn er vatn som følger med olja opp frå reservoarene når olja blir pumpa opp. Det inneheld ei rekke kjemikaliar og oljerestar, og kan gjere stor skade på havområda der det sleppast ut, sjølv om det vert reinsa først.

Selskapet som handterer avfallet har ifølge Greenpeace innrømma at dei ikkje overheld alle miljøkvalitetskrav. Den danske miljøministeren Magnus Heunicke har sagt at dei ikkje vil fornye avtalen som tillèt Equinor å sende avfallet til Danmark.

Ellingvåg meiner Equinor må slutte å eksportere avfallet.

– Denne eksporten fekk begynne fordi det var billigare for Equinor å dumpe driten sin i Danmark. Prinsippet om at forureinar betaler må framleis råde, og derfor finst det ingen unnskyldningar for å fortsette eksporten, avsluttar ho.


Oljeplattform

Vedtaket inneber også ei vidareutvikling av Vallhall-feltet som følgje av at Fenris blir bygd ut. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK