Frankrike: 14-åring arrestert i klasserom for trugslar

Styresmaktene forsvarar arrestasjonen av den mindreårige eleven med at dei vil sende eit tydeleg signal til mobbarar.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Måndag vart ein 14 år gamal elev sett på handjern og ført ut av eit klasserom i Paris-forstaden Alfortville i Frankrike. Årsaka var skuldingar om mobbing og trugslar mot ein annan elev.

Elevar og foreldre har reagert på arrestasjonen, og på at det skjedde i klasserommet i skuletida, skriv The Guardian.

No har franske styresmakter gått ut og forsvart arrestasjonen av den mindreårige eleven.

Talsperson for regjeringa Olivier Véran seier at den sterke reaksjonen sender ei tydeleg melding til elevar som mobbar.

– Det er slik vi endar denne trakasseringsbølgja, og det er slik vi skal beskytte barna våre, uttalar han ifølgje avisa. Véran har forsikra om at arrestasjonen blei utført «i samsvar med avtalen frå påtalemakta og utdanningsteamet».

Mann i dress framføre fransk flagg og EU-flagg

Olivier Véran er talsperson for den franske regjeringa. Foto: AP Photo/Francois Mori

Alvorlege trugslar

Ei politikjelde fortel til nyheitsbyrået AFP at dei arresterte den 14 år gamle guten på grunn av svært alvorlege trugslar mot ein elev ved ein annan skule.

Eleven er transperson, og skal ha fått kommentarar som «vi skal skjere over strupen på deg», «eg hatar sånne som deg …», «du fortener å døy» og «ta livet av deg din skitne homo».

Trugslane kom på Instagram, skriv Le Monde.

14-åringen som blei henta av politiet, har erkjent forholda og beklaga seg. Han må utføre eit «pedagogisk tiltak», ein aktivitet til fordel for samfunnet, i løpet av dei komande vekene, opplyser nyheitsbyrået AFP.

Fleire saker

Arrestasjonen av 14-åringen kjem i kjølvatnet av ei anna mobbesak som har skaka Frankrike. 5. september tok 15 år gamle Nicolas livet av seg, dagen etter skulestart.

Nicolas hadde då bytt skule. Foreldra hadde tidlegare meldt frå til den førre skulen om mobbing, og sa at dei ville ta rettslege steg. Dei fekk tilbake eit skriv frå skulen om at dei offentlege uttalane deira var uakseptable og blei oppmoda til å ha ei «konstruktiv haldning». Det blei òg vist til ein paragraf i straffelova som fordømmer ærekrenking og som har ei strafferamme på fem år og 45 000 euro.

Franske styresmakter har beklaga og utdanningsminister Gabriel Attal lova eit «elektrisk sjokk på alle nivå» i kampen mot skulemobbing. Han seier at brevet foreldra fekk av skulen er skammeleg.

Dei siste åra har fleire foreldre peika på skulemobbing som hovudgrunnen til at barnet deira tok livet sitt, skriv avisa Le Figaro. Etter at ein elev i mai 2023 tok livet sitt, lova statsminister Élisabeth Borne å gjere kampen mot trakassering ein absolutt prioritet ved haustens skulestart.