Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Statsbudsjettet for 2020 kom berre veker etter at fleire millionar over heile verda demonstrerte for meir klimatiltak for å hindra klimakrisa. Historias største klimademonstrasjon, i bygder og byer verda over – leia av ungdomen.

Korleis ligg Noreg an med utsleppskutta?

Men i Statsbudsjettet ligg også framskrivingar for utviklinga framover. Mellom anna utrekningar av kor store utsleppskutt dagens politikk vil føra til.

– Nok ein gong gir regjeringa blaffen i ungdomen, skreiv Gaute Eiterjord på Twitter då han såg framskrivingane.

Sjå bilete under:

Framskrivingane for klimagasuutslepp i Noreg. Kjelde: Statbudsjettet 2020

Ligg ikkje an til å nå klimamåla for 2030

Då Paris-avtalen vart gjort i 2015, melde Noreg inn eit mål på å kutta utsleppa med 40 prosent innan 2030, samanlikna med 1990-nivå.

I framskrivinga i Statbudsjettet frå 2020, ligg altså talet an til å bli omlag 12 prosent – ikkje 40 som lova i Paris-avtalen.

I 2020 skal landa melda inn nye, forsterka klimamål.

Utslepp av klimagassar i Noreg fordelt på kjelder. Kjelde: SSB/Miljødirektoratet

– Altfor dårleg. Utsleppa må minst halverast i denne perioden

Samstundes vil ikkje regjeringa erklæra klimakrise, og ordet var heller ikkje nemnd i Satsbudsjettet for 2020 eller i talen til finansminister Siv Jensen då ho la fram statsbudsjettet.

Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord. Foto: Ingvild Eide-Leirfall

Eiterjord, i Natur og Ungdom, reagerer på at utsleppa statsbudsjettet legg opp til, ser ut til å liggje langt under målsetjinga til regjeringa sjølv.

– Klimapolitikken i statsbudsjettet 2020 legg opp til at me berre kuttar 12 % av dei norske utsleppa (samanlikna med 1990) innan 2030. FNs klimapanel tilrår halvering for å unngå katastrofale klimaendringar, skriv Eiterjord på Twitter.

Også Bård Vegar Solhjell i WWF (World Wide Fund for Nature) er skuffa over framskrivingane. WWF har sjølv gjort framskrivingar utifrå Statsbudsjettet, som viser at Noreg når 15 prosent kutt i norske utslepp innan 2030.

– Dette er alt for dårlig. Utsleppa må minst halverast i denne perioden. Seinast under FN-møtet i New York for nokre dagar sidan sa Erna Solberg at verda må auka innsatsen for klima og natur, og gjera det fort. Dette statsbudsjettet står diverre ikkje i stil, seier han i ei pressemelding.

Når ikkje utsleppsmåla for 2020

I klimaforliket i Stortinget i 2008, vart heile Stortinget, bortsett frå Frp, samde om at Noreg skulle forplikta seg til å kutta dei globale klimagassutsleppa med 30 prosent innan 2020, samanlikna med utsleppa i 1990.

Til neste år, 2020, vil Noreg ha hatt ein nedgang på 0,4 prosent frå 1990, utifrå framskrivingane i Statsbudsjettet.

I 1990 var utsleppa til Noreg 51,2 millionar tonn CO2-ekvivalentar. For å nå forpliktinga om 40 prosent kutt i 2030, må utsleppa ned til 30,7 millionar tonn.

Målet frå Klimaforliket var å vera nede på 47 millionar tonn CO2-ekvivalentar innan 2020. I 2018 var talet 52,9 og framskrivingane i Statsbudsjettet viser at me vil liggje på 51 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2020.

Ifølgje FNs utviklingsprogram er utsleppsnivået i verda per i dag, omlag 50 prosent høgare enn det var i 1990.

Kjelde: SSB/Energi og klima

Framtidige tiltak skal redde prognosane

Lasse Fredheim i Unge Høgre, tek til motmæle på Twitter.

Sveinung Rotevatn (V), statssekretær for klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V), sleng seg også på.

– Nei, det er ikkje rett. Dette er tekniske justeringar av konservative framskrivingar. Statsbudsjettet, og regjeringa sin politikk, legg opp til å kutte (minst) 40 prosent innan 2030, svarar Rotevatn til Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord.

Sveinung Rotevatn. Foto: Mona Melanie Lindseth / Venstre

Statssekretæren fortel at alt av nye klimatiltak i budsjettet vil bringe Noreg nærare målet. Han nemner CCS-prosjekt (karbonlagring), auka CO2-avgift, fjerning av unnatak, kraftig satsing på kollektiv/jernbane og meir.

Til våren vil også regjeringa leggje fram Klimakur 2050, ei ny utgreiing om vegen mot lågutsleppssamfunnet. I tillegg skal dei til neste år levera nye, forsterka klimamål til FN.

– Tiltak i 2020-budsjettet, som auka CO2-avgift, er vel ikkje ein del av 2020-framskrivinga, ganske enkelt fordi dei ikkje er vedtekne av Stortinget enno, skriv Rotevatn på Twitter. 

I Aftenposten tysdag kveld, innrømmer Rotevatn at det blir svært vanskeleg å nå måla for 2020. MDG vurderer å stille mistillit. 

– Regjeringa har ikkje forstått alvoret

Silje Lundberg. Foto: Naturvernforbundet

– Regjeringa viser at dei framleis ikkje har ikkje forstått alvoret i natur- og klimakrisa. Dette budsjettet er ikkje svar på det enorme klimaengasjementet me har sett det siste året, seier Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet, i ei pressemelding.

Også ho peikar på gapet mellom utsleppsmåla og overslaget i det føreslegne statsbudsjettet.

– Det er ikkje i nærleiken av det me treng. Med tanke på at regjeringa lova ei forsterking av klimaforliket, er dette altfor dårlig, seier ho.

Også i Framtiden i våre hender er det lunka stemning etter statsbudsjettet vart lagt fram.

– Aldri før har oppslutnaden til klimapolitikk vore så sterk. Men med regjeringa sitt budsjettforslag klarer me berre å kutta 12% av klimautslippa innan 2030, milevis unna målet me har sett oss. Og klimamåla for 2020 ser ut til å vera gitt opp for lengst, seier Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender, i ei pressemelding. 

Anja Bakken Riise, leiar i Fremtiden i våre hender. Klimabrølet 30.august 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Støtte frå forskingsmiljøet

Carlo Aall er forskar og professor i berekraftig utvikling og leiar for det nyoppretta Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt).
Carlo Aall

Carlo Aall er forskar ved Vestlandsforsking, og meiner kvar enkelt må ta ansvar for sine utslepp om me skal unngå klimakrise. Foto: Vestlandsforsking

Han støttar Naturvernforbundet, og trur ikkje det er mogleg for regjeringa å nå måla for 2020 og 2030 på utsleppskutt.

– Nix. Dette går ikkje. Ikkje utan at me tør å gjere noko med forbruket. Den teknologisatsinga ein har lagt opp til sidan klimaarbeidet starta rundt 1990 har ikkje klart å levera; og vil framleis ikkje klara det i tide. Utan å tore å gjere noko for å ta ned forbruket innan biff, bil, bustad og Boeing, så går dette altså ikkje i tide, skriv Aall i ein e-post til Framtida.no.

Klima- og miljøvernarane får også støtte frå forskar Steffen Kallbekken. Han er forskningsdirektør i CICERO, leiar for CICEP Senter for internasjonal klima- og energipolitikk, og har særleg hatt fokus på Parisavtalen i sitt arbeid.

– Regjeringa når ikkje klimamåla med utsleppskutt her heime, men me når våre internasjonale forpliktingar med kjøp av klimakvoter, seier Kallbakken til NRK.

Steffen Kallbakken. Foto: Cicero

Han peikar på samarbeidsavtalen med EU, og fortel at Noreg også i 2030 kan nå målet utan å kutta nasjonale utslepp.

Kallbekken presiserer som Rotevatn at utrekningane av utslippskutta i 2030 ikkje inkluderer den nye politikken som er føreslått i statsbudsjettet. Til NRK seier han likevel at det er grunn til å kritisera regjeringa.

– No har Erna Solberg-regjeringen site i seks år, og effekten av alle tidlegare statsbudsjett er fanga opp, så dei kan ikkje halda fram å skulda på at neste års budsjett blir betre.